Opna hovudmenyen

José Antonio Primo de Rivera

spansk poet og politikar

José Antonio Primo de Rivera (24. april 190320. november 1936) var ein spansk politikar. Han var son til Miguel Primo de Rivera som var diktator i Spania frå 1923 til 1930.

José Antonio Primo de Rivera
FOTOGRAFIA DE JOSE ANTONIO PRIMO DE RIVERA.jpg
FøddJosé Antonio Primo de Rivera y Sáenz de Heredia
24. april 1903
Madrid
Død20. november 1936
Alicante
Statsborgar avSpania
PartiUnión Monárquica Nacional, Falange Española, Falangistpartiet
Yrkepolitikar, lyrikar, advokat
Utdanna vedUniversidad Central
MorCasilda Sáenz av Heredia
FarMiguel Primo de Rivera

Liv og gjerningEndra

José Antonio vart fødd i Madrid. Han grunnla Falangistpartiet (Falange Española) i 1933. Partiet ynskte å gjera Spania til ein stat inspirert av tenkinga i fascismen. Ein skulle gjera slutt på motsetnadane mellom samfunnsklassane (klassekampen). Ved valet i 1936 fekk falangistane berre 0,7 % av røystene, men dei hadde stor vekst i oppslutnaden. Innan juli same år hadde dei meir enn 40 000 medlemar av partiet. José Antonio si syster starta organisasjonen Sección Femenina, kvinnerørsla til falangistane.

Primo de Rivera var tilhengjar av opprøret i juli 1936 mot den venstreorienterte republikanske regjeringa. I den spanske borgarkrigen vart falangistane dominerande i den meir vidfemnande politiske rørsla "nasjonalistane". José Antonio vart fanga den 6. juli 1936. Han vart halden fanga inntil han vart avretta i Alicante den 20. november 1936.

Francisco Franco sitt diktatur laga til mykje persondyrking knytt til José Antonio. Han vart ein «martyr av krosstoget», jamfør det spanske omgrepet El Ausente. På ytterveggen i kvar soknekyrkje i Spania var der ein plakett som lista opp lokale soldatar som døydde i borgarkrigen. (Caídos por Dios y por España, «Fall for Gud og Spania»). José Antonio sitt namn stod fyrst på kvart skilt. José Antonio vart eit veldig vanleg namn i Spania.

Franco fekk bygd mausoleet Valle de los Caídos med tvangsarbeid. I mausoleet ligg liket av José Antonio. Den 20. november, nærare førti år seinare (1975), døydde Franco. Det er spekulert i om livet til Franco vart kunstig forlenga for at han kunne døy den symbolske dagen. Franco vart gravlagd ved sida av José Antonio. 20. november er framleis ein symbolsk dag for den ytre høgresida i spansk politikk.

KjelderEndra

?