Josef I av Portugal
Josef av Portugal (1714–1777) var konge av Portugal frå 1750 til 1777.
Josef I | |||
Portrett måla av Miguel António do Amaral. | |||
Konge av Portugal og Algarve | |||
Regjeringstid | 31. juli 1750–24. februar 1777 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 6. juni 1714 | ||
Fødestad | Ribeira-palasset i Lisboa | ||
Død | 24. februar 1777 | ||
Dødsstad | Kongepalasset i Sintra | ||
Gravstad | Klosteret São Vicente de Fora | ||
Føregangar | Johan V | ||
Etterfølgjar | Maria I og Peter III | ||
Gift med | Mariana Victoria av Spania | ||
Gift med | Mariana Victoria av Spania | ||
Dynasti | Huset Bragança | ||
Far | Johan V av Portugal | ||
Mor | Maria Anna av Austerrike | ||
Born | Maria I av Portugal Infanta Mariana Francisca Infanta Doroteia Prinsesse Benedita av Brazil |
Josef (José) var den tredje sonen til Johan V av Portugal og Maria Anna av Austerrike (1683–1754). Han blei gift med Mariana Victoria av Spania i 1729.
I 1750, då han var 36, blei Josef konge av Portugal. Josef regjerte aldri sjølv, men overlét politikken til Sebastião José de Carvalho e Melo, markien av Pombal.[1] Etter jordskjelvet i Lisboa i 1755 fekk han klaustrofobi og slo seg ned i ein teltby i Ajuda. Kongen blei rekna for å vera psykisk sjuk i 1774, og kona hans blei regent. Tre år seinare døydde han, og dottera Maria blei dronning saman med ektemannen Peter.
Kjelder
endre- ↑ History of Portugal: Pamphlet Collection. CUP Archive, 1937. Henta i september 2012 for Engelsk Wikipedia.
- Denne artikkelen bygger på «Joseph I of Portugal» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2014.