Joseph von Fraunhofer

tysk fysikar, astronom og kjemikar

Joseph von Fraunhofer (fødd 6. mars 1787 i Straubing i Bayern, død 7. juni 1826 i München) var ein tysk optikar.

Joseph von Fraunhofer

Fødd6. mars 1787
Straubing
Død7. juni 1826
München
NasjonalitetKongedømet Bayern, Det tysk-romerske riket
Områdefysikk
Yrkefysikar, astronom, kjemikar
InstitusjonarLudwig-Maximilians-Universität München
Q18563009
MedlemDet bayerske vitskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina

Han var professor i München frå 1824, kjend for kvalitet og originalitet i ei rekkje optiske arbeid. Han forbetra kikkertobjektivet ved å korrigere for fargefeil og sfæriske feil, avgjorde brytingsindeks for ei rekkje glassortar med særs stor nøysemd, fann opp nye metodar for konstruksjon av optiske gitter med meir. Han er òg kjent for særs nøyaktige målingar av bølgjelengder for lys, spesielt for oppdaginga og avgjersla av bølgjelengdene til ei rekkje absorpsjonslinjer i solspekteret, dei såkalla fraunhoferlinjene.

Kjelder endre