Josip Broz Tito

Josip Broz Tito (25. mai 18924. mai 1980) var den øvste leiaren av Jugoslavia i perioden etter den andre verdskrigen og fram til han døydde i 1980, fyrst som statsminister (194553), så som president. Etter brotet med Sovjetunionen i 1948, førte han ein sjølvstendig kommunistisk politikk, medan han utanrikspolitisk stod for ein nøytral politikk.

Josip Broz Tito
Josip Broz Tito uniform portrait.jpg
PartiKroatias og Slovenias sosialdemokratiske parti, Jugoslavias kommunistforbund
Fødd7. mai 1892
FødestadKumrovec
Død4. mai 1980
DødsstadLjubljana
EktefelleJovanka Broz, Herta Haas, Pelageya Belousova, Lucija Bauer, Davorjanka Paunović
SambuarDavorjanka Paunović
BarnMišo Broz, Žarko Broz
MedlemSerbias vitenskaps- og kunstakademi
Makedonias akademi for vitenskap og kunst
Slovenias akademi for vitenskap og kunst
Antifascistiske råd for nasjonal frigjøring av Jugoslavia

Tito var fødd Josip Broz i Kumrovec i Kroatia. Han var opphavleg metallarbeidar, og aktiv kommunist frå 1917.[1] Det jugoslaviske kommunistpartiet fekk stor støtte ved valet i landet i 1920, men blei alt året etter forbode. Tito blei sjølv dømd til fem år i fengsel for si deltaking i kommunistpartiet.[2]

Da den spanske borgarkrigen braut ut organiserte Tito mange frivillige til forsvaret av den spanske republikken mot fascismen.

Den jugoslaviske frigjeringskrigenEndra

 
Tito og andre offiserar i partisanhæren i 1944.

Frå 1937 var Tito leiar i Det jugoslaviske kommunistpartiet. Før krigen var det enno relativt lite, men under den tyske okkupasjonen leidde det den store anti-fascistiske partisanrørsla med 800 000 medlemmer, dei fleste bondeungdommar. Eit av særmerka med den kommunistleidde partisanrørsla, var at den aleine av dei væpna gruppene i landet organiserte folk frå alle nasjonalitetane, utan diskriminering.

Okkupasjonsmakta dreiv ein nådelaus terror mot sivilbefolkninga, ofte med hjelp av lokale fascistar, som kroatiske Ustasja. Jugoslavia mista om lag ein million menneske under den andre verdskrigen, som utgjorde omtrent ti prosent av den jugoslaviske folkesetnaden.[3]

Frigjeringa i 1945 var i Jugoslavia folket sitt eige verk, da mesteparten av landet blei frigjort av partisanane. Dette gjorde det lettare for Tito å stå imot sovjetisk dominans i etterkrigstida.

TitoismenEndra

 
Tito i 1971.

I 1948 blei Tito og den sjølvstendige jugoslaviske kommunismen fordømt av Stalin, og «titoisme» blei eit skjellsord på linje med trotskisme i dei stalinistiske kommunistpartia. Men Jugoslavia stod imot presset.

Etter at Stalin var død i 1953, blei tilhøvet mellom Sovjetunionen og Jugoslavia betre, men Tito heldt fram som ei sjølvstendig stemme i internasjonal politikk, som ein av leiarane i den alliansefrie rørsla.

Det jugoslaviske systemet under Tito var ein kombinasjon av ein kommunistisk eittpartistat og eit desentralisert bedriftsdemokrati. Nasjonal diskriminering og oppmoding til hat mellom folkegruppene var strengt forbode.

 
Tito på sovjetisk frimerke frå 1982.

Det «titoistiske» systemet var til tider relativt vellykka, men under overflata lurte framleis den etniske nasjonalismen. Etter Tito var død, greip korrupte maktpolitikarar tak i den og vekte den til liv igjen med tragiske konsekvensar for Jugoslavia og folkeslaga der.

KjelderEndra

  1. «Josip Broz Tito - Partisan leader | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 23. september 2022 
  2. «Josip Broz Tito | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 23. september 2022 
  3. Mønnesland, Svein (13. desember 2021). «Josip Broz Tito». Store norske leksikon (på norsk bokmål).