Jostein Fet

norsk

Jostein Peter Fet (fødd 10. september 1924 i Sykkylven, død 16. juli 2023 i Volda)[1] var ein norsk filolog, litteraturforskar og fagbokforfattar. Han var dei siste åra fri forskar ved Høgskulen i Volda.

Jostein Fet
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. september 1924
Sykkylven
Død

16. juli 2023 (98 år)
Volda

Yrke skribent

Fet blei cand. philol. i 1954 med ei avhandling om Olav Duun. I 1955 blei han tilsett som lektor ved Telemark landsgymnas og arbeidde der i tre år. I 1958[2] blei han tilsett ved Volda lærarhøgskule der han hadde eit særleg ansvar for norskfaget. Fet var ein forkjemper for ein eigen distriktshøgskule i Volda. Han blei undervisingsleiar ved den nye skulen Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda i 1970. Her arbeidde han også som dosent i nordisk litteratur fram til han formelt gjekk av med pensjon i 1990.[3]

Etter at han vart pensjonist har han gjort eit betydeleg forskingsarbeid innanfor allmugen sin litterære kultur på Nordvestlandet i åra 1600-1850. I bøkene Lesande bønder og Skrivande bønder har han dokumentert omfattande lese og skrivekunne blant bøndene i området frå tidleg på 1700-talet, noko som har avliva myten om at bøndene var analfabetar til langt inn på 1800-talet.

Fet har også som forsker arbeidd mykje med kulturhistorie og bokhistorie. Han har gjort ein særleg stor innsats innanfor folkemusikken i Møre og Romsdal, der han var med å bygge opp folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, som han var leiar for i 11 år, og som no inneheld ein melodimengde på ca 40.000.[4]

Jostein Fet vart tildelt Kongens fortenestmedalje i gull 22. oktober 2004, og har fått ei rekkje med prisar og utmerkingar, mellom anna Fylkeskulturprisen for Møre og Romsdal og Sunnmørsposten sin kulturpris.

Bøker endre

  • Sunnmørsdiktarar 1600-1975 : eit diktutval med biografiar og bibliografiar, 1977
  • Register over gamle bøker hjå Olina Vassbotn Drabløs, Volda, 1979
  • New Norse literature in English translation 1880-1982 : a bibliography, 1985
  • Allmugens diktar : Niels Olsen Svee i norsk religiøs folkesong, 1987
  • Lesande bønder : litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840, 1995
  • Mellom springdansar og salmetonar : Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal 1990-2000 : eit jubileumsskrift, (med Jon Tvinnereim og Birkeland), 2000
  • Skrivande bønder : skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600-1850, 2003
  • Eksetiana : Aarflots prenteverk 1809-1935 : bibliografi og kulturhistorie, 2006
  • Natur og eros : utvalde dikt (Gjendiktningar av Johann Wolfgang von Goethe), 2008
  • Stemmer frå ei fjern tid : Forteljingar om bøker, viser, magiske formlar og merkelege teikn 1550-1814, 2014
  • Den gløymde litteraturen : gamle bøker i privat eige på Sunnmøre, 2015

Fotnotar endre

  1. https://snl.no/Jostein_Fet
  2. «Jostein Fet fekk FoU-prisen». Høgskulen i Volda. Henta 19. januar 2009. 
  3. «Seminar om Jostein Fet og bokhistorie». Høgskulen i Volda. Henta 19. januar 2009. 
  4. «Fylkeskulturprisen til Jostein Fet». NRK. Henta 19. januar 2009.