Opna hovudmenyen
Minnemyntar og -symbol frå jubelåra i 1950, 1975 og 2000.

Eit heilagt år, eller jubelår, er eit jubileumsår som ver markert kvart 25. år i Den katolske kyrkja. Skikken har opphav i gamaltestamentleg tradisjon. I Tredje mosebok 25, 9–11 vert det fortalt at kvart 50. år var vigd til Gud. Eit jubelår er byrjinga på ein 49-årssyklus. Årsaka er at Moselova føreskriv at kvart 7. år er eit sabbatsår (sjmita).

Historisk bakgrunnEndra

I kristen tradisjon vart skikken innført i 1300 av pave Bonifatius VIII. Det heile tok til med eit rykte blant pilegrimane i Roma i 1299 om at alle som vitja Peterskyrkja neste år ville få full avlat. Paven meinte dette kunne vera ein god idé, og proklamerte at år 1300 skulle vera eit heilagt år. Han slo også fast at dette skulle skje kvart 100. år.

Nokre få år seinare kom det meldingar til Klemens VI om at dette var for sjeldan, ettersom mange ikkje ville få oppleva eit heilagt år i levetida si. Difor endra paven frekvensen til kvart 50. år. Han la også til Laterankyrkja og St. Paul utanfor murane til kyrkjene der ein kunne få avlat.

Omkring 1389 endra pave Urban VI frekvensen på nytt, av di ein såg at sjølv med 50 års mellomrom ville svært mange av dei som vart fødde rett etter eit heilagt år, døy før det neste. Det vart vedteke at ein skulle feira eit heilagt år kvart 33. år, eit tal som vart vald ut frå tradisjonen om at Jesus Kristus var 33 år gamal då han døydde. Bonifatius IX proklamerte at det neste heilage året skulle vera i 1390, og la til Santa Maria Maggiore. Han gav også eit spesielt løyve til somme kyrkjer utanfor Roma, slik at ein også kunne få avlat der.

Alt i 1400 kom det neste heilage året, på grunn av den store straumen av pilegrimar i høve hundreårsskiftet. Pave Martin V gjekk tilbake til ein frekvens på 33 år, rekna frå 1390. Det neste heilage året kom dermed i 1423.

I 1470 kom den siste frekvensendringa då pave Paul II endra det til kvart 25. år. Etterfylgjaren hans, Sixtus IV vedtok at det heilage året skal ta til den 24. desember kalenderåret før, og slutta 24. desember i det heilage året. Starten på året skulle markerast med at paven opnar den heilage porten i Peterskyrkja, medan kardinalar opnar portane i dei andre basilikaane i Roma. Det er også ei rekkje katedralar andre stader i verda som har heilage portar, slik at dei som ikkje kan reisa til Roma kan delta fullt ut i feiringa.

I dagEndra

I tillegg til dei ordinære heilage åra er det feira fleire ekstraordinære; det siste var eit Mariaår i 1987.

Det siste heilage året var i 2000, og det neste ordinære blir i 2025. Det er også forventa at det vil bli eit ekstraordinært heilagt år i 2033 på grunn av 2000-årsmarkeringa for den tradisjonelle dateringa av Kristi død og oppstode.

KjelderEndra

  • Artikkelen er omsett frå Bokmålswikipedia om Hellig år, henta inn 11. februar 2011.