Judo (japansk ju, 'mjuk', og do, 'veg'; den mjuke vegen) er ein japansk kampsport. Sporten vart utvikla av Jigoro Kano, og stammar frå den eldgamle kampkunsten ju jitsu. Kano tok kunsten til samuraiane og gjorde han til ein idrett ved å fjerna ein del av dei farlegaste teknikkane.

Judokamp

Judo er i dag ein av dei største idrettane i verda, og vart OL-grein i 1972 for menn og i 1992 for kvinner. Om lag 16 millionar menneske trenar judo. Ein utøvar av judo vert generelt kalla judoka. Alternativt kan ein kalla den som utfører ein teknikk for tori og den som åtaket vert utført på for uke.

Den internasjonale føderasjonen for bryteartar (International Federation of Associated Wrestling Styles) reknar judo som ein av dei fire hovudartane av amatørbryting.

Drakt endre

Ei judodrakt vert kalla ein judogi. Gien er samansett av buksa, jakka og belte. Beltet symboliserer graden til judokaen. Judogien liknar ein karategi, men er mykje tjukkare, fordi judo inneber meir nærkontakt og sliting i motstandaren si drakt. Gien kan vera blå eller kvit. Ein har ikkje sko eller sokkar på seg når ein trenar judo.

Konkurransedrakter er blå på eine sida og kvit på andre sida, så dommarane kan skilja utøvarane frå einannan. Dersom båe utøvarane har lik farge på drakta, brukar dei høvesvis raudt og kvitt belte.

Treningsstad endre

Ein stad der nokon trenar judo, kallast ein dojo. I dojoen heng det ofte eit bilete av Jigoro Kano. Golvet i dojoen er dekt av støytabsorberande matter, som skal hindra at folk slår seg for mykje.

Teknikkar endre

Fallteknikkar endre

Det første ein judoka lærer, er fallteknikkar, japansk ukemi. Det er teknikkar ein brukar for å falla utan å skada seg når ein vert kasta. Fallteknikkane er rulling framover og bakover, som liknar turn, fall til sida og fall framover. Ein brukar armen til å ta av for fallet. Armen skal då liggja nedover i ein vinkel på 45 grader ut frå kroppen medan ein landar på ryggen. Å ta seg for kan vera farleg, då kan armen knekka.

Kast endre

Mange ulike kast vert brukte til å få motstandaren på ryggen. Desse teknikkane kallast nage wasa. I ein konkurranse kan ein få poeng når ein kastar motstandaren. Eit perfekt utført kast gjev ein ippon (ti poeng), og vinn kampen. For kvar gradering, inngår det 8-10 nye kast som utøvaren skal kunna.

Kast er delt inn i grupper:

  • Handkast eller Te wasa er kast der ein brukar hendene til å styra motstandaren. Skulderkast er eit handkast der ein kastar motstandaren over skuldra. Ippon seoi nage (japansk for skulderkast med ein arm) er eit skulderkast. Dette er det mest brukte kastet i judo.
  • Hoftekast er ein type kast der ein svingar motstandaren rundt hofta. Det vanlegaste hoftekastet å læra som nybyrjar, heiter o goshi (japansk for stor/ heil hofte)
  • Feiingar er mykje brukte, åleine eller som delar av andre typar kast. Når motstandaren er ute av balanse, kan ein feia vekk ein eller begge beina, og motstandaren fell.

Andre typar kast er offerkast (der ein ofrar seg sjølv) og beinkast.

Halde- og låsegrep endre

Haldegrep (osae komi wasa) vert brukte for å halda motstandaren fast. Den som vert halden, ligg på ryggen. I konkurranse får ein poeng når ein held motstandaren i eit godkjent haldegrep i ein viss tidsperiode. Held ein motstandaren i 25 sekund, får ein ippon og har vunne. Dersom motstandar gjev opp, ved å slå to gonger i matta, får ein òg ippon. Dette skjer ofte dersom ein brukar armbend eller kvelingar. Armbend og kvelingar treng ikkje vera godkjende haldegrep for at ein skal vinna ein kamp. Berre vaksne utøvarar får bruka armbend og kvelingar.

Armbend er ein spesiell type haldegrep der ein låser armen til motstandaren ved å bøya han ein veg som ledda normalt ikkje tillet. Dette er smertefullt og potensielt farleg. Tidlegare har ein og hatt andre liknande teknikkar som bendar andre ledd, til dømes handledd og kneledd. Men desse er ikkje lovlege i dag på grunn av risikoen for skader. I ju jitsu brukar ein framleis slike teknikkar.

Ein kveling eller ein halslås (shime wasa) går ut på å stogga blod-eller lufttilførselen gjennom halsen. Dette kan vera smertefullt og svært farleg. Dersom ein ikkje slepp motstandaren innan kort tid, kan ein risikera at han svimer av. Kvelingar i judo inneber at ein brukar motstandaren si drakt til å kvela han med.

Graderingssystem endre

Jigoro Kano starta tradisjonen med beltegrader i orientalske kampsportar. Elevgradene, 1.-5 kyu, er symbolisert med ulik farge på belta. Ein nybyrjar startar med kvitt belte og har ingen grad. Meistergradene kallast dan. 1.-5. dan er symbolisert med svart belte, 6.-8. dan har raudt og kvitt belte og 9. og 10. dan har heilraudt belte. Ingen andre enn Kano sjølv har oppnådd høgare grad enn 10. dan. Etter han døydde, fekk Kano eit kvitt belte som var dobbelt så breitt som dei andre, og graden 12. dan.

For å få grader i judo, må ein gjennomgå ei gradering, der ein viser at ein kan mange nok kast og haldegrep og har god nok teknikk for den graden ein vil oppnå. I tillegg kan treningsmengd, konkurransedeltaking, instruktørerfaring o.l. som ein har hatt sidan førre gradering, vera med i vurderinga. For å gradera ein annan utøvar til ein kyu-grad må ein sjølv ha ein høgare grad enn den graden ein graderer til.

Utøvarar under 16 år har grader som heiter mon i staden for kyu. Beltet til mon-graden er kvitt, med ei farga stripe i midten. Stripa har same farge som den tilsvarande kyu-graden. Skilnaden på graderinga er at born ikkje har lov til å bruka armbend og kvelingar.

Trening endre

Å øva seg på dei ulike kaste- og låseteknikkane er viktig for nybyrjarar. Men vidarekomne som vil utvikla teknikken sin vidare, må også ha andre treningsmetodar.

Randori endre

Den vanlegaste treningsforma i judo er randori, som er ei form for sparring, der utøvarane øver seg på situasjonar dei kan møta på i kamp.

Uchi komi endre

Uchi komi er inngangar utan kast. Inngangen til eit kast er avgjerande, og denne treningsforma går ut på at ein går inngang til det same kastet mange gonger på rad. Slik lærer ein teknikken betre og kan utføra kastet fortare.

Kata endre

Ein kata er ein fastsett sekvens av ulike teknikkar. Kata er lite brukt som treningsform i judo, men vert brukt ved gradering til dan-grader.


Konkurranse endre

Judokonkurransen kallast shiai.

Ein judokamp varer i maksimalt fem effektive minutt. Kampen er over dersom nokon oppnår ti poeng, ein ippon, som er den høgaste poengsummen. Denne poengsummen oppnår ein ved å kasta eit perfekt kast, halda motstandaren i eit godkjent haldegrep i 25 sekund eller ved at motstandaren anten gjev opp eller får ei straff på ti poeng. Ein har tre dommarar, to av dei sit i kvar sitt hjørne og den tredje står ute på matta og gjev kommandoar, styrer kampen og gjev poeng.

Etter ei innleiande gruppa der alle møter alle og dei beste går vidare, vert judokonkurransar normalt gjennomført etter cup-prinsippet, der vinnaren av kvar kamp går vidare til neste runde.

Judo er ein konkurranseidrett i mykje større grad enn dei fleste japanske kampsportartar.

Kampfasar endre

Ein kan dela ein judokamp i to ulike kampfasar; ne-wasa og tachi-wasa

  • Tachi-wasa er ståande kamp. Her brukar ein hovudsakleg kast. Det er òg lov å bruka armlåsar og kvelingar, men dei vert lite brukte når ein står, fordi det er vanskeleg å få til.
 
Når ein trenar på ne-wasa, startar ein oftast på kne.
  • Ne-wasa er bakkekamp eller mattekamp, der utøvarane ligg eller sit på matta eller står på kne. Her brukar ein for det meste dei tre ulike typane av haldegrep, men kan også ta i bruk kast eller element frå kast. Judo legg meir vekt på bakkekamp enn dei fleste kampsportar. Men i brasiliansk ju jitsu, som er utvikla frå judo, er ne-wasa enno meir sentralt.

Poeng endre

Ein kan få fire ulike poeng:

  • Ippon, 10 poeng
  • Waza-ari, 7 poeng
  • Yoko, 5 poeng
  • Kokka, 3 poeng

To waza-ari tilsvarer ein ippon. Då seier dommaren waza-ari awasete ippon og kampen er over. Dersom ingen oppnår ippon, vinn den som har fått waza-ari. Dersom ingen har fått waza-ari, vinn den som har fått flest yoko, osb. Dersom poengsummane er like, avgjer dei tre dommarane ved røysting kven som har vunne kampen.

Straff endre

Dersom ein brukar ulovlege teknikkar, er for passiv eller liknande, kan ein få fire ulike straffer som gjev motstandaren tilsvarande poeng.

Judo i Noreg endre

Judoutøvarar og -klubbar i Noreg er organisert i Norges Judoforbund.

I Noreg er det karate som er mest utbreidd av dei orientalske kampsportane, og judo er ikkje ein like stor sport her som i mange andre europeiske land. Ved årsskiftet 2005-2006 var det 66 norske klubbar registrerte i judoforbundet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Judo