Juha Tiainen (5. desember 195528. april 2003) var ein friidrettsutøvar og politimann frå Uukuniemi i Finland, som vann gullmedaljen i sleggjekast under OL 1984 i Los Angeles. Hans personlege rekord på 81,52 meter sette han i Tammerfors same året som han vart olympiameister.

Juha Tiainen
Statsborgarskap Finland
Fødd 5. desember 1955
Uukuniemi
Død

27. april 2003 (47 år)
Villmanstrand

Yrke sleggekaster, politibetjent
Høgd 182 centimeter

Aktiv endre

Dei fleste landa i Aust-Europa boikotta dei olympiske sommarleikane i Los Angeles i 1984, noko som gjorde at mange av medaljekandidatane mangla i sleggekast-øvinga under olympiaden. Største favorittane til gullmedaljen var då dei to vesttyskarane Karl-Hans Riehm og Klaus Ploghaus. Etter to omgangar i finalen leia Ploghaus med 75,96 m, vel meteren føre italienaren Gianpaulo Urlando (som etterpå vart diska for doping) med Riehm på tredjeplass, Tiainen låg på sjetteplass med 72,64 m. I tredje omgang fekk både Riehm og Tiainen opp sine best kast i tevlinga, med høvesvis 77,98 m og 78,08 m. Ploghaus auka til 76,68 m i siste omgang og fekk bronse. Utan vinnarkastet sitt ville Tiainen hamna på fjerdeplassen i tevlinga.

Tiainen vart finsk meister i sleggekast seks gongar (1977, 1979, 1981, 1984, 1987 og 1990), og vann 13 medaljar i finske meisterskap (6-5-2).

Medaljar i internasjonale meisterskap endre

Tiainen døydde i Lappeenranta av «viral lungebetennelse».

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre