Jukka Keskisalo

Jukka Pekka Sakari Keskisalo (fødd 27. mars 1981) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Varkaus som i 2006 vann gullmedaljen på 3 000 meter hinder under europameisterskapen i Göteborg.

Jukka Keskisalo

Jukka Keskisalo.jpg

Statsborgarskap Finland
Fødd 27. mars 1981 (40 år)
Varkaus
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012

Keskisalo vart niandemann på 3000 m hinder ved VM i friidrett 2003. Dei neste par sesongane var han hemma av skadar. Sommaren 2006 overraska han stort ved å vinne hinderløpet under EM i friidrett 2006, etter å ha lege langt bak i feltet byrja han 500 meter frå mål ein fabelfaktig langspurt som sikra han ein klar siger på tida 8,24,8. Veka etter EM-finalen sette han personleg rekord med 8.16,7, oppnådd i eit GL-stemne i Zürich. I 2007 gjekk han skadd. Året etter kvalifiserte han seg til Beijing-OL, men mista likevel leikane grunna skade. Sommaren 2009 forbetra Keskisalo den personlege rekorden til 8.15,5 i Paris og der etter til 8.12,9 i Monaco. Under verdsmeisterskapen i Berlin kom han i mål på 8.14,4 til åttandeplass. Den 28. august 2009 sletta han den 33 år gamle landsrekorden til Tapio Kantanen då han fekk notert 8.10,6 i Zürich. Fem år seinare var han tilbake i Zürich, der han i EM vart nummer seks i 3 000 m hinder. Han la opp i 2015.

KjelderEndra