Julelys er belysning som blir nytta til dekorasjon i advent- og juletida. Ein har nytta dekorativ festopplysing i samband med julehøgtida frå gammalt av, i samband med kristne og verdslege tradisjonar. Det finst ei rekkje lys- og eldtradisjonar knytte til julehøgtida, som å pynta juletre med lys, adventskrans eller å brenna ein julekubbe gjennom heile høgtida. Skikken med å pynta til jul med elektrisk opplysing har også spreidd seg til nye kulturar, som Japan og Hongkong.

LED-opplysing i Viborg i Danmark

Historie endre

Levande lys endre

 
Schwibbogen-lysestake frå Erzgebirge i Sachsen.

Tradisjonen med å bruka små levande lys for å lysa opp juletreet går minst attende til midten av det 1600-talet. Dei blei brukte som symbol på Jesus som verdas lys.[1]

Det tok endå eit par hundreår for at tradisjonen var blitt breitt etablert, først i Tyskland og seinare i Aust-Europa.[2]

Levande lys for tre blei festa med smelta voks til ei tregrein eller festa med nåler. Rundt 1890 tok ein først i bruk lyshaldarar for for julelys. Mellom 1902 og 1914 starta ein å nytta små lykter og glaskuler som lampehaldarar.[2]

Opplyste juletre blei ein juletradisjon i Tyskland i tidleg moderne tid. Det opplyste juletreet blei innført i Storbritannia i dronning Victoria si regjeringstid, og gjennom utvandring spreidde det seg til Nord-Amerika og Australia. I dagboka si for julaftan 1832 skreiv den 13 år gamle prinsessa:

After dinner..we then went into the drawing-room near the dining-room. There were two large round tables on which were placed two trees hung with lights and sugar ornaments. All the presents being placed round the trees.
(Etter middag..gjekk me så til daglegstova nær spisestova. Det var to store runde bord der det var plassert to tre som hadde med lys og sukkerornament hengt på seg. Alle gåvene var plasserte rundt trea.)[3]

Fram til utviklinga av billeg elektrisk energi på 1800-talet var små stearinlys vanlege i bruk, og dei blir framleis brukt ein del.

Elektriske lys endre

 
Juletre med lys på Trafalgar Square i London.

I Storbritannia er elektriske julelys generelt omtalte som «fairy lights». I 1881 var Savoy Theatre i London den første bygningen som var heilt opplyst med elektrisitet.[4] Joseph Swan, ein av dei tidlege produsentane av glødelampar, leverte rundt 1 200 Swan glødelampar. Eit år seinare utstyrte eigaren av Savoy Richard D'Oyly Carte, hovudfeene i ein produksjon med miniatyrbelysing levert av Swan United Electric Lamp Company. Dette var til opningskvelden for Gilbert og Sullivan-operetten Iolanthe den 25. november 1882.[5] Termen «fairy lights» (alvelys) har vært i vanlig bruk i Storbritannia for strenger av elektriske julelys siden da.[6] Termen «fairy lights» (alvelys) har vore i vanleg bruk i Storbritannia for strenger av elektriske lys og julelys sidan då.

Det første kjende elektriske opplyste juletreet var ein kreasjon frå Edward H. Johnson, ein medarbeider av oppfinnaren Thomas Edison. Medan han var visepresident i Edison Electric Light Company, ein forgjengar for Con Edison lysverk, han hadde juletrelyslampar laga spesielt for han. Han viste fram juletreet sitt, som var handkabla med 80 raude, kvite og blå elektriske glødelampar i storleik med valnøtter den 22. desember 1882 i heimen sin ved 5. Avenue i New York. Lokale avisar ignorerte historia då dei såg på det som eit publisitetsstunt, men dette blei omtalt av ein journalist frå Detroit, og Johnson er blitt rekna som opphavsmannen til elektriske juletrelys. Per 1900 hadde forretningar byrja å hengja opp julelys i utstillingsvindauga sine.[7] Julelys var for dyre for vanlege folk, difor blei ikkje elektriske julelys ei vanleg erstatning for levande lys før rundt 1930.[8]

I 1895 hadde den amerikanske presidenten Grover Cleveland det første elektrisk opplyste juletreet i Det kvite hus. Dette var ei stort tre med meir enn hundre lys i fleire fargar. Den første kommersielle produserte juletrebelysinga var produsert i lenkjer med åtte lyspærehaldarar av General Electric Co. frå Harrison i New Jersey. Ein haldar var tilpassa ein to-candela karbon glødetrådlampe.

 
Juletreet til Rockefeller Center i New York City

Frå den tida voks bruken av elektrisk opplyste juletre innandørs med aukande entusiasme i USA og andre stadar. San Diego i California i 1904, Appleton i Wisconsin i 1909 og New York City i 1912 var dei første omtalt tilfella av julelys utandørs.[8] McAdenville i Nord-Carolina hevdar dei var først ute i 1956.[9] Library of Congress krediterer byen for å ha oppfunne «tradisjonane med å dekorerer eviggrøne tre med julelys tilbake i 1956 då McAdenville Men's Club fekk ideen om å dekorera nokre få tre rundt McAdenville Community Center.[10] Rockefeller Center sitt juletre har hatt «lys» sidan 1931, men hadde ikkje verkelege elektriske lys før i 1956. Vidare starta Philadelphia sitt julelysshow og Disney sitt juletre òg i 1956. Sjølv om General Electric sponsa belysingskonkurransar i område i løpet av 1920-åra, skulle det gå fram til midten av 1950-talet før bruken av slike lys blei vanleg i gjennomsnittlege hushald.

Over tid byrja ein bruka strengar av julelys andre stadar enn på juletre. Slike strengar kunne utsmykka vindauge, døropningar, tak og rekkverk i bustader og føretak. I nyare tid er mange skyskraparar i byane blitt dekorert med lange hovudsakleg vertikale strenger som blir aktiverte samstundes i store opningsseremoniar.

Kjelder endre

  1. Felix, Antonia (1999). Christmas in America (på engelsk). Courage Books. ISBN 9780762405947. Henta 27. januar 2017. «German families brought a small tree into the home at Christmas time as a symbol of the Christ child, and decorated the boughs with cutout paper flowers, bright foil, apples, sweets, and other fancy treats. Another feature of Christmas that took a uniquely American turn in the nineteenth century is the tradition of Christmas lights. Candles were traditionally placed on the Christmas tree to symbolize Jesus as the light of the world.» 
  2. 2,0 2,1 Early History Of Christmas Lights
  3. The girlhood of Queen Victoria: a selection from Her Majesty's diaries. s. 61. Longmans, Green & co., 1912. University of Wisconsin
  4. "The Savoy Theatre", The Times, 3. oktober 1881
  5. Graeme Gooday Domesticating electricity: technology, uncertainty and gender, 1880-1914 Pickering & Chatto, 2008
  6. The D'Oyly Carte Opera Company Arkivert 2012-02-06 ved Wayback Machine. Hentet 30. november 2010
  7. «Christmas Lights and Community Building in America» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 29. juni 2010. Henta 4. desember 2006. 
  8. 8,0 8,1 Christmas Lights and Community Building in America, 20
  9. History
  10. North Carolina: Christmas Town U.S.A. (Local Legacies: Celebrating Community Roots - Library of Congress)