Julie Dahle Aagård

norsk songar

Julie Dahle Aagård (fødd 30. desember 1978) er ein norsk songar, utdanna songpedagog ved Jazzlinja ved NTNU i 2002.[1][2]

Julie Dahle Aagård

Fødd30. desember 1978 (45 år)
FødestadFlatanger
OpphavNoreg
Sjangerjazz
Verka somjazzmusikar

Ho har òg vore aktiv i scenefaget, først i sin eigen kabaret, Julie, heilt ålein (1998), seinare i Lady ArbuthnottSunndalsøra, Mack & Mabel på Hedmark Teater og Havet legg aldri stilt (Norveg). Ho hadde hovudrolle på Det Norske Teatret i oppsetninga Piaf (2005) og i juni 2010 som trælen Anna i det historiske spelet Håkon og Kark (Korsvikaspillet) på Lade i Trondheim.

Første musikkutgjevinga hennar var soloplata Det klaraste lyset, laga av Åge Aleksandersen, og urframført under ski-VM 1997 i Trondheim (Norske Gram, 1997). Ho gav òg ut Goodnight stranger (Jo Vestly Produksjon, 2001). Ho har vore med i banda Gutvik 5, Cannonballs og Reggae Kings. Ho var frontfigur i kvintetten Subtonic frå 2003, der tekstane hennar er med på utgjevinga In this house. I nokre år har ho turnert med Trondheim Voices. I 2009 kom ho ut med albumet Stumpin' Feet som vart nominert til Spellemannprisen 2009 i kategorien kvinneleg artist.[3][4]

Utgjevingar endre

  • Det klaraste lyset, 1997
  • Stompin' Feet (2009)
  • Lauvet (2015)

Kjelder endre

  1. Julie Dahle Aagård; nrk.no, 3.11.2003
  2. rockipedia.no, arkivert frå originalen 19. november 2021, henta 19. november 2021 
  3. Ville gjemme seg etter spellemannominasjonen; adressa.no, 5.5.2015
  4. Julie på dialekt strålende mottatt Arkivert 2016-02-23 ved Wayback Machine.; Flatangernytt, 10.5.2015

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Julie Dahle Aagård