Julius Nyerere

tanzaniansk politikar

Julius Kambarage Nyerere (13. april 192214. oktober 1999) var ein tanzaniansk statsmann som tente som leiar for Tanzania og førelauparen Tanganyika frå 1960 til han pensjonerte seg i 1985. På swahili vert han ofte omtalt med tittelen Mwalimu – «lærar» – som var yrket hans før han vart vald til president.

Julius Nyerere
President Nyerere van Tanzania, koppen, Bestanddeelnr 928-2879 (cropped).jpg
Fødd13. april 1922
Butiama
Død14. oktober 1999 (77 år)
Statsborgar avTanzania
PartiTanganyika African National Union (1954–1977)
Chama cha Mapinduzi (1977–1999)
Yrkelingvist, politikar, omsetjar, skribent, undervisar, lærar
Utdanna vedMakerereuniversitetet
University of Edinburgh
EktefelleMaria Nyerere
VervPresident i Tanzania 26. april 1964–5. november 1985
FøregangarIngen
EtterfylgjarAli Hassan Mwinyi
VervPresident i Tanganyika 9. desember 1962–26. april 1964
FøregangarIngen
EtterfylgjarIngen
VervStatsminister i Tanganyika 2. september 1960–22. januar 1962
FøregangarIngen
EtterfylgjarRashidi Kawawa

Etter å ha studert i Storbritannia var Nyerere med på å danna sjølvstendepartiet Tanganyika African National Union (TANU) i 1954. I 1960 vart han utnemnd til regjeringssjef av britane, og i 1962 vart han den fyrste presidenten i den uavhengige nasjonen Tanganyika. Da Tanganyika vart slege saman med Zanzibar vart han den fyrste presidenten i det nye landet, Tanzania. Den sosialistiske politikken til Nyerere vert kalla Ujamaa.

I 1985 trakk han seg friviljug som president og vart etterfylgd av Ali Hassan Mwinyi. Nyerere døydde i London i 1999 av leukemi.