Jurij Litujev
Jurij Nikolajevitsj Litujev (11. april 1925–2. mars 2000) var ein russisk friidrettsutøvar frå Irbit som representerte Sovjetunionen. Han vann EM-gull på 400 meter hekk i 1958, samt to EM-sølv og eitt OL-sølv i same øvinga i tida 1950-56.
Jurij Litujev | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 11. april 1925 Irbit |
Død |
3. februar 2000 (74 år) |
Yrke | friidrettsutøvar |
Språk | russisk |
Høgd | 183 centimeter |
Ektefelle | Valentina Litujeva |
Liv
endreLitujev, som deltok som soldat i den store fedrelandskrigen fram til 1945, var frå 1950 ein av dei aller beste langhekkløparane i verda. I 1950 vart han nummer to på 400 m hekk då friidretts-EM fann stad i Brussel. To år seinare vann han ein ny sølvmedalje under Sommar-OL 1952 i Helsinki. Året efter slo han Glenn Hardin sin 19 år gamle verdsrekord då han 20. august 1953 i Budapest sprang på 50,4 sekundar, hans livs kjappaste løp. Rekorden stod seg eitt år til Glenn Davis forbetra den.
Ved EM i friidrett 1954 i Bern tok Litujev si tredje rake sølvemedalje, noko overraskande måtte han gje tapt for landsmannen Anatolij Julin. Under dei olympiske leikane 1956 i Melbourne enda Litujev på fjerdeplassen, slått av tre karar frå USA.
Litujev sin store triumf kom i hans siste store meisterskap, EM i friidrett 1958 i Stockholm. Med tida 51,1 sekundar vann han ein klar siger framom Per-Owe Trollsås frå arrangørlandet.
Åra 1950-55 og 1957-58 vart Litujev sovjetmeister på 400 m hekk, i 1959 vart han nummer to.
Han var gift med Valentina Bogdanova.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1950 i Brussel: Sølvmedalje - 52,4, bakom Armando Filiput (51,9)
- OL 1952 i Helsinki:Sølvmedalje - 51,3, bakom Charles Moore (50,8)
- EM 1954 i Bern: Sølvmedalje - 50,8, bakom Anatolij Julin (50,5)
- OL 1956 i Melbourne: Nr 4 - 51,7, bakom Josh Culbreath (51,6)
- EM 1958 i Stockholm: Gullmedalje - 51,1, framom Per-Owe Trollsås (51,6)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Juri Nikolajewitsch Litujew» frå Wikipedia på tysk, den 9. august 2015.