Just Dropped In (To See What Condition My Condition Was In)

Just Dropped In (To See What Condition My Condition Was In)
Song av Mickey Newbury
frå albumet Harlequin Melodies
Sjanger Psykedelisk pop[1]
Komponist Mickey Newbury
Tekstforfattar Mickey Newbury
Låtskrivar(ar) Mickey Newbury

«Just Dropped In (To See What Condition My Condition Was In)» er ein song skriven av Mickey Newbury og den første hitten for Kenny Rogers and the First Edition i 1968. Songen er sagt å reflektere ei LSD-oppleving, og songen var meint å åtvare mot faren ved å bruke LSD. Songen vart først spelt inn 10. oktober 1967 av Teddy Hill & the Southern Soul som ein singel for Rice Records, produsert av Norro Wilson. Jerry Lee Lewis spelte inn songen kort tid etter for albumet sitt, Soul My Way.

«Just Dropped In ...» vart ein hit for Kenny Rogers and the First Edition (med Kenny Rogers på solovokal) i 1968. Det var den første hitten til Rogers som nådde topp 10 på Billboard-lista, og dei fekk framføre songen på nasjonalt fjernsyn på The Smothers Brothers Comedy Hour. Songen fangar den kortvarige psykedeliske tida seint i 1960-åra, og skil seg frå countryfolkharmoniar som skildra dei fleste songane til First Edition.[2] Songen kom òg ut på albumet The First Edition. Produsenten Mike Post snudde om på eit par riff for å skape introen, og soloen vart spelt av Glen Campbell. Ein annan studiogitarist, Mike Deasy, spelte akustisk gitar.

Då Rogers fekk kontrakt med United Artists Records midten i 1970-åra, etter gruppa var oppløyst, spelte han inn songen på nytt for albumet Ten Years of Gold.

Andre versjonar endre

Kjelder endre