Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet, i daglegtale Justisdepartementet, styrer justisvesenet i Noreg med ansvar for politi og påtalemakt. Departementet har som hovudmål å sikra tryggleiken til samfunnet og enkeltmennesket, og at rettstryggleiken for kvar enkelt blir oppretthalden.
![]() | |
Type | Departement |
---|---|
Virkefelt | Noreg |
Skipa | 17. november 1818[1] |
Statsråd | Monica Mæland (H) |
Hovudkontor | Nydalen i Oslo, (midl.) |
Tilsette | 408 (2014)[2] |
Nettside | www.regjeringen.no/jd |
Justisdepartementet blei oppretta 17. november 1818 då 2. departement for justisvesenet og 3. departement for politisaker blei slått saman. I 1940 blei departement delt i to av NS-regjeringa til Justisdepartementet og det utvida Politidepartementet.[1]
Justisdepartementet i dagEndra
Departementet har desse avdelingane:
- Plan- og administrasjonsavdelinga
- Politiavdelinga
- Sivilavdelinga
- Lovavdelinga
- Kriminalomsorgsavdelinga
- Rednings- og beredskapsavdelinga
- Polaravdelinga
i tillegg til ei informasjonseining og analysestab.
Politisk leiingEndra
Per-Willy Amundsen har vore statsråd og leiar for departementet sidan 2016.
I desember 2015 vart ein ny stadsrådspost, Innvandings- og inkluderingsminister, oppretta[3].
Sjå ogsåEndra
KjelderEndra
- ↑ 1,0 1,1 «Justisdepartementet 1819 -». Riksarkivet. Arkivert frå originalen 1. februar 2010. Henta 5. oktober 2014.
- ↑ Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
- ↑ http://www.nrk.no/norge/tre-statsrader-ma-forlate-regjeringen-1.12706406