Kåfjord kommune
- For fjorden som kommunen har fått namn etter, sjå Kåfjorden.
Kåfjord kommune (nordsamisk Gáivuotna suohkan, kvensk Kaivuonon komuuni) er ein kommune i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Han grensar til Nordreisa kommune i nord og aust, Storfjord i sør, og mot Lyngen i vest. I søraust har kommunen grense til Finland.
Kåfjord kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Adm.senter | Olderdalen | ||
Areal | 991 km² | ||
- land | 951 km² | ||
- vatn | 40 km² | ||
Folketal | 2 071 (1. januar 2020) | ||
Norsk målform | bokmål | ||
Samisk språk | nordsamisk | ||
Ordførar | Bernt Eirik Isaksen Lyngstad (Ap) | ||
Kommunenr. | 5426 | ||
![]() Kåfjord kommune | |||
Wikimedia Commons: Kåfjord, Troms | |||
Nettstad: www.kafjord.kommune.no | |||
I tillegg til administrasjonssenteret Olderdalen har kommunen tettstadane Birtavarre, Kåfjorddalen, Djupvik, Nordmannvik og Manndalen eller Olmmaivaggi, der den internasjonale urfolkskulturfestivalen Riddu Riđđu blir halden årleg.
HistorieEndra
Kåfjord kommune vart oppretta i 1929, då han vart skilt ut frå Lyngen kommune. I 1992 vart fire gardar i grunnkrinsen Nordnes overført frå Lyngen kommune til Kåfjord kommune. 2. mai 1994 fekk kommunen offisielt tospråkleg namn, Gáivuotna - Kåfjord, då det samiske namnet vart lagt til kommunenamnet. I 2016 fekk Kåfjord kommune godkjent søknad om kvensk kommunenamn etter behandling i statsråd 15. april. Dermed ber kommunen offisielt eit trespråkleg kommunenamn.[1]
Folketalet i kommunen nådde toppen i 1970, då folketalet var 3362.[2] Sidan då har det vore jamn nedgang i folketalet.
FolketalsutviklingEndra
Folketalsutvikling for Kåfjord kommune frå 1930:
1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[2] | 1.1.1961[2] | 1.1.1971[2] | 1.1.1981[2] | 1.1.1991[2] | 1.1.2001[2] | 1.1.2010[2] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2482a | 2820a | 3079a | 3270a | 3279a | 3094a | 2759a | 2311 | 2207 |
- aDette talet omfattar ikkje eit område som var del av Lyngen kommune fram til 1992, då det vart overført til Kåfjord kommune. Dette området hadde då 38 innbyggjarar.
Sjå ògEndra
FotnotarEndra
- ↑ https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/kvensk-og-samisk-kommunenamn-godkjent/id2484183/ Regjeringa.no: «Kvensk og samisk kommunenamn godkjent»
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Folkemengd i Gaivuotna - Kåfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)