Kåre er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det har namnedag den 22. september, saman med Kyrre.

Politikaren Kåre Willoch, på 1980-talet omtala berre med førenamn som del av «Gro og Kåre».

Det norrøne Kári var eit tilnamn danna av adjektivet kárr, som betyr 'med krøllete hår' . Kári finst enno som islandsk og færøysk namn.

Bruk endre

Historisk utviklig av populariteten til namna Kåre og Kaare i Noreg.[1]

Kåre er eit vanleg namn i Noreg, medan Kári er vanleg på Færøyane og Island.

Namnet er kjend éin enkelt gong som personnamn i Noreg på 800-talet. Etter dette blei det først vanleg som førenamn på 1900-talet. Kåre var blant dei mest brukte gutenamna mellom rundt 1910 og 1950.

Namneberarar endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Navnestatistikk». Statistisk sentralbyrå.  Statistikk for navn i Norge