Gamme

(Omdirigert frå Kåte)
«kåte» omdirigerer hit. For knutar på tre, sjå kåter.

Gamme (nordsamisk goahti, lulesamisk goahte, pitesamisk gåhte, umesamisk gåhtie, sørsamisk gåetie, finsk kota, svensk kåta) er ei hytte eller telt frå samisk tradisjon som kan ha dekke av stoff, torvmose eller tømmer. Den stoffkledde gammen liknar mykje på ein lavvo, men er ofte konstruert litt større. Han var vanleg å bruka i samband med reindrift når heile familiar følgde flokkane sine.[1] Teltversjonen av gammen kan også kallast ein bøygd påle-lavvo eller ein brødboks-lavvo, ettersom han er meir avlang enn den meir sirkelforma lavvoen.

«Anna Dærgas gamme, foran står hennes sønn Jakob.» Norsk folkemuseum, NFDSA.00142-001
«Svensk sørsame foran en gamme. Ca. 1885-1892». Norsk folkemuseum, NF.06789-021.

Konstruksjon endre

 
Døme på reisverk med bogestongskonstruksjon i Sirma i 1933.
 
Utsyn mot ljoren frå innsida av ein gamme.

Gamme blir tradisjonelt bygd med bogestongskonstruksjon, ei konstruksjonsform ein berre kjenner frå samisk kultur. Ein lagar den berande konstruksjone av to par boga stokker som er sette parvis mot kvarandre.[2] Dei boga stengene er tradisjonelt blitt laga av bjørkestammar som har vakse med naturleg bøy.[3]

Den indre konstruksjonen av stolpane er såleis: 1) fire boga stolpar, 2) ei rett midtstong, og 3) omtrent eit dusin rette veggstolpar. Stavstorleikane kan variera betydeleg. Dei fire boga stolpane bogar seg til ein vinkel på omtrent 130°. To av desse stolpane har eit hol bora inn i den eine enden, med desse endene forbunde med den lange midtstonga. Dei to andre boga stolpane er òg samanføyde i den andre enden av den lange stolpen. Når denne strukturen blir sett opp, blir det danna eit firbeint stativ med den lange stonga øvst og i midten av strukturen. Med den firbeinte strukturen ståande opp til omtrent 1,5 til 2,5 meter i høgda, er omtrent ti eller tolv rette «veggstenger» lagt opp mot strukturen. Gammedekket, som i dag vanlegvis er av lerret, blir lagt opp mot strukturen og bunde ned. Det kan vera meir enn eitt dekke på strukturen.

Jordhytter med ein annan konstruksjon, til dømes rette stokkar sette på skrå mot kvarandre i ring, er også blitt kalla gamme.[4]

Teltgamme endre

Gamme med teltduk kan kallast bealljegoahti. Han kan likna mykje på ein lavvo, men har bogestongskonstruksjon med to parallelle og innbyrdes samanføyde rammer.[5]

Torvgamme endre

I torvversjonen av gammen er lerretsduken erstatta med tre som kviler på strukturen, dekte med bjørkenever og deretter torv for å gje ein varmeisolert og haldbar konstruksjon. Til taktekkinga kunn ein gjerne ha eit lag kvist som blei dekka med 4–5 lag never, så dekka dette med eit tjukt lag myrtorv og så igjen ha to lag med ulike slag mose som tørka fort og gav varmeisolasjon.[4]

Innreiing og bruk endre

Når desse bygningane er blitt brukte til å bu i, er innreiinga lagt ut etter eit fast mønster. Eldstaden ligg i midten med kortsida mot døra. Like over eldstaden er det røykhol i taket.[4] Eit avgrensa område mellom døra og eldstaden hadde ein lagerstad for ved. På motsett side av eldstaden hadde ein matlager og kokekar. På dei andre to sidene av eldstaden hadde ein sove- og sitjeplassar. Heilt inntil veggen lagra ein klede, soveteppe og utstyr. I nyare tid er det blitt vanleg å ha ein omn i gammen og briskar langs sidene.[4] Vanlegvis hadde ein gamme eitt rom, men han kunne òg vere delt opp i fleire rom.

Gammar er også blitt brukt til andre føremål enn bustad, til dømes til røyking av mat,[3] fjøs, naust eller brønnhus. Ein kunne også ha oppdelte gammar der folk budde i ein del og dyr i ein annan.[6]

Historie endre

Gammar er i dag fyrst og fremst forbundne med samar og kvener, men denne typen bustad har vore nytta over heile landet, heilt sidan dei fyrste menneska kom, til langt opp i historisk tid.[7]

Lenger sør i landet enn Finnmark har desse enkle jordhyttene vorte kalla «kjøyte» eller «kåte», og dei vart i nyare tid hovudsakleg brukt som mellombelse bustader for tømmerhoggarar og fangstfolk. Kåtene (samisk goatte) tilsvarar hovudsakleg gammane, men skil seg frå dei ved at stokkane som vert reiste utanpå sperresystemet, ikkje vert kutta i toppen.[8]

Den lengste gammen i verda ligg ved grensestasjonen i Svanvik i Pasvikdalen i Sør-Varanger. Han vart fyrste gong bygd i 1921, men brann ned under krigen, og vart ikkje bygd opp att før i 1998.

I 2012 blei Nord-Norsk Arkitekturpris gjeven til lavvoen og den samiske gammen som «et tradisjonelt og levende arkitektonisk konsept [...] med sterke tradisjoner og i stadig transformasjon.»[9]

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Referansar
  1. Tradisjonell samisk arkitektur « SMARTSTIEN, henta 28. april 2022 
  2. «Sameplassen - Norsk Folkemuseum», norskfolkemuseum.no (på norsk), henta 26. april 2022 
  3. 3,0 3,1 «Tilbakeblikk på en sørsamisk høstboplass fra 1917», SPOR (på norsk bokmål), 7. september 2020, henta 28. april 2022 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Nesheim, Asbjørn; Gunnarsjaa, Arne (20. september 2021). «gamme». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  5. Rygh, Per (2. mars 2022). «lavvo». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  6. «Samiske fjøsgammer i Nordre Nordland og Sør – Trom» (PDF). Várdobáiki museum og Norsk Kulturminnefond. Henta 28. april 2022. 
  7. Gabrielsen, T., Gammebesøk i sagalitteraturen, Finmark forlag, 24/9-2010.
  8. «kåte». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. september 2021. 
  9. Pulk, Åse (14. juni 2012), «Lavvo og gamme får arkitekturpris», NRK (på norsk bokmål), henta 27. april 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gamme