Køk-tyrkisk

Køktyrkisk er eit utdøydd tyrkisk språk som fints bevart på nokre steininnskrifter som blei funne på 1720-talet ved øvre Jenisej nord for Altajfjella. Dei er datert til første halvdel av 700-talet.

Innskriftene er skrivne med runeliknande teikn, og blei tyda av den danske språkforskaren Vilhelm Thomsen i 1893. Dei er dei eldste eksempla på tyrkiske språk. I følgje innskriftene kalla folket som brukte språket seg køk-tyrkarar, som betyr «blå tyrkarar» eller «himmeltyrkarar». Innskriftene fortel om historia til folket.

KjelderEndra