KNM «Ula» (P-66)
Ubåten «KNM Ula» (P-66) var eit av tre norske fartøy som utgjorde «The Norwegian Section» i «9th Submarine Flotilla», ein del av den britiske marinen under andre verdskrig. «9th Submarine Flotilla» hadde i tillegg til dei norske, ubåtar med britiske, nederlandske, polske og franske mannskapar. Ula markerte seg sterkt på det viset at den var den allierte ubåten som senka flest fiendtlege skip. Han var også den einaste allierte ubåten som klarte å senke ein fiendtleg ubåt i neddykka tilstand, han hadde flest krigspatruljar av alle allierte ubåtar i Europa og var også den som overlevde flest synkeminer i eitt angrep (114 stk). Dette er noko av bakgrunnen for namnevalet for den nyaste norske ubåt-klassen, Ulaklassen.
Ula gjennomgikk ei større modernisering og ombygging i byrjinga av 1950-talet og var i teneste fram til august 1964, da han blei utrangert.
Bakgrunnsstoff
endre- Bilde og litt info fra mil.no Arkivert 2007-03-14 ved Wayback Machine.