Kaffilag

Kaffilag eller kaffiselskap er ei sosial samling der ein mellom anna drikk kaffi. Ein kan også servera mat til, såkalla kaffimat, som ulike typar bakverk.

Kaffilag hjå Bina Eriksen i 1911.
Tvillingsystrene Astri og Randi Schie har kaffilag i stova si i 1989.
Sjakkspelaren Emil Eikner, skodespelar og prinsesse Marianne Bernadotte og Solveig Bergström i kaffiselskap i Stockholm i 2016.

Kaffilag kan ha ulike namn etter kva føremål ved dei ein legg vekt på. Namn som kaffidrøs, kaffikos, og kaffislabberas legg vekt på det sosiale ved laget. Kyrkjekaffi og bedehuskaffi viser til samanhengen der ein serverer kaffi og tilbehøyr. Ein kan også be folk «til kaffi» eller til «kaffi og kaker».

Ulike tradisjonarEndra

KaffemikEndra

Kaffemik er ein festtradisjon frå Grønland. Han kan samanliknast med eit ope hus med kaffi, der kvar gjest blir ei stund, og deretter går for å gje plass til nye gjester. Ein kan òg koma tilbake litt seinare, når straumen av vitjande har minka. Heile tilstellinga kan vara i fleire timar, når heile befolkninga i området byter på å vitja. Det er vanleg å ha kaffemik i samband med bursdagar, dåp og andre høgtidar.

«Mik» er eit grønlandsk ord for sosial samkome.

KafferepEndra

Kafferep er ei svensk form for kaffilag som ein kan ha for seg eller i samband med bryllaup, gravferder og liknande. I tillegg til kaffi blir det tradisjonelt servert sju slag kaker. Opphavet til etterleddet -rep er uklart. Ein har spekulert i at det kan koma frå repartisera, ’dela på kostnadane’, der kafferepet opphavleg skal ha vore eit spleiselag.[1]

Samkoma fekk eit gjennombrot på 1930-talet, og var også populære på 1940-talet.[2] Populariteten gjekk så tilbake, før ein fatta ny interesse for skikken etter år 2000.[2] Kafferep var ein av få sosiale aktiviteter kvinner hadde til å treffa kvarandre utan menn og barn.

Ei typisk servering frå 1930-talet var det knytt fleire retningsliner til korleis ein heldt kafferep. Det var viktig å ha ein vakker blondeduk på bordet.[2] Denne låg ofte oppå ein farga underduk.[2] Ein åt kaffimaten i ei viss rekkjefølgje, til skilnad frå ein kakebuffet der rekkjefølgja er valfri.[2] Rekkjefølgja var bestemt av konsistensen, sødma og storleiken til bakverk. Den tradisjonelle rekkjefølgja var:[2]

  1. Kveitebrød (bolle eller mindre brød, längd)
  2. Lyst sukkerbrød
  3. Mørkt sukkerbrød
  4. Lys, tørr småkake
  5. Mørk, tørr småkake
  6. Fylt småkake
  7. Bakelse (ofte med mandelmasse i, alternativt ei toscakake)

Deretter kunne ein ha ei valfri forseggjort kake.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Strömquist, Siv (12. mars 2005). «Kafferepets gåta är inte helt lätt att lösa». Svenska Dagbladet (på svensk). ISSN 1101-2412. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Ett kafferep som förr». Arbetarbladet. 13. oktober 2013. Arkivert frå originalen 2015-07-07. Henta 7. juli 2015.