Kafr Zibad (arabisk كفر زيباد) er ein palestinsk landsby i Tulkarm guvernement aust på Vestbreidda, 17 kilometer sør for Tulkarm. Ein trur namnet Kafr Zibad opphavleg kjem frå Zabad, eit semittisk namn som tyder storsinn. Kafr Zibad hadde eit folketal på kring 1 306 innbyggjarar i 2006.[1] 19 % av folkesetnaden i Kafr Zibad var flyktningar i 1991.[2] Helsevesen og utdanningsinstitusjonar for dei kringliggande landsbyane ligg i Kafr Zibad. Ein historisk moské frå Khalifa Omar Ibn Alkhattab-perioden ligg i landsbyen, i tillegg til ein politistasjon og eit treningssenter.[3]

Kafr Zibad
كفر زيباد
kommune
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Tulkarm guvernement
Koordinatar 32°13′26.34″N 35°04′15.65″E / 32.2239833°N 35.0710139°E / 32.2239833; 35.0710139
Folketal 1 306  (2006)
Kart
Kafr Zibad
32°13′26″N 35°04′16″E / 32.223983333333°N 35.071013888889°E / 32.223983333333; 35.071013888889
Wikimedia Commons: Kafr Zibad

Kjelder endre