Kailasafjelllet
Kailasafjelllet er eit fjell nord i Himalaya med ei viktig tyding innan hinduismen, djainismen, buddhismen og bön. Fjellet ligg vest i Tibet som er styrt av Folkerepublikken Kina. Det er ein viktig pilegrimsstad for tibetanarar og utanlandske hinduar.
Kailasa | |||
Kailas, Kailash, Kailasha, Kailasja | |||
fjell | |||
Land | Tibet | ||
---|---|---|---|
Høgd | 6 638 moh. | ||
Kailasafjelllet 31°04′01″N 81°18′46″E / 31.066944444444°N 81.312777777778°E | |||
Kailasa i Himalaya
| |||
Wikimedia Commons: Mount Kailash |
Religiøs tyding
endreI hinduismen er Kailasa rekna som heimen til guden Sjiva, som sit der i meditasjon med maken sin Parvati og sønene deira Skanda og Ganesja. Fjellet er også rekna som sete for rikdomsguden Kubera.
I den tradisjonelle tibetanske religionen bön har fjellet stor andeleg kraft. I tibetansk buddhisme var det her Milarepa sigra over bön-forkjemparen Naro Bön-chung og innførte buddhismen i Tibet. Milarepa skal ha vore det siste mennesket som var på toppen av fjellet; ingen har klatra til toppen av det.
Fjellet ligg nær kjelda til fleire av dei lengste elvene i Asia, som også er viktige heilagdommar: Indus, Sutlej, Brahmaputra og Karnali (ei bielv til Ganga).
I Ellora i Maharashtra i India ligg Kailasa-tempelet frå 700-talet. Det er eit frittståande monolittisk bygg meislet ut av granittfjell, og er eit bilete på Sjiva sitt paradis.
Kjelder
endre- Kailasha (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 3. januar 2014.
- Peter Ellingsen, «Scaling a Mountain to Destroy The Holy Soul of Tibetans» Arkivert 2011-04-27 ved Wayback Machine., WTN-L World Tibet Network News (01/06/02; June 2, 2001). The Age, Melbourne.
- Denne artikkelen bygger på «Mount Kailash» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2014.