Opna hovudmenyen
Kaiwaka
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region: Northland
Folketal (2006) 537
Distriktsstyre Namn Kaipara Territorial Authority
Regionstyre Namn Northland Regional Council
Heimeside: http://www.kaiwaka.co.nz
Folketal ved folketeljinga i 2006
Kjelde: Statistics New Zealand

Kaiwaka er ein busetnad i regionen NorthlandNew Zealand. Elva Kaiwaka River renn frå aust gjennom området og går saman med Wairau River og dannar Otamatea River som renn ut i Kaipara Harbour. Riksvegen State Highway 1 går gjennom Kaiwaka. Wellsford ligg 20 km mot sør, og Brynderwyn åtte km mot nord. Mangawhai Heads ligg 18 km mot nordaust.[1][2]

Folketalet var 537 ved folketeljinga i 2006, ein oppgang på tre frå 2001.[3]

HistorieEndra

I februar 1825, under Muskettkrigane, fann det stad eit større slag mellom iwiane Ngā Puhi og Ngāti Whātua ved Te Ika-a-ranga-nui nær Kaiwaka. Meir enn 170 døydde her.[4][5]

Seint i 1850-åra hadde Kaiwaka vorte eit haldels- og forretningssenter.[6] Då det gjekk attende med kauritømmeret og kauri-gumverksemdene mot slutten av hundreåret, hadde jordbruk og mjølkeproduksjon kome i gang. Meieriverksemda The Hakaru Dairy Company vart skipa i 1902.[7]

FerdselEndra

Frå 1880-åra gjekk dampskip i regelmessige ruter til Kaiwaka frå Otamatea. Minnie Casey gjekk i rute kvar tysdag frå 1882. Båtrutene vart oppretthaldne godt inn i det 20. hundreåret.[8]

The Great North Road frå Auckland til Whangarei gjekk gjennom Kaiwaka, men var storparten av 1800-talet berre ein strek på kartet. Utbetringar på vegen kom i gang frå 1895, og kring 1900 hadde dei verste strekningane på vegen mellom Kaiwaka og Whangarei fått fast dekke.[9] I 1911 hadde Kaiwaka ein populasjon på 211.[10]

Jarnvegslinja North Auckland railway line nådde Kaiwaka i mars 1913, men problem med terrenget og følgjene av den første verdskrigen gjorde at ho ikkje vart forlenga særleg vidare nordover før først på 1920-talet.[11]

Jord- og oppmålingsstyresmaktene tok over store område av uproduktiv jord her og rydda denne på 1940-talet. Tidleg på 1950-talet vart områda overletne til soldatar som var vende heim frå krigen.[12]

ReferansarEndra

  1. Peter Dowling (redaktør) (2004). Reed New Zealand Atlas. Reed Books. s. kart 8. ISBN 0-7900-0952-8. 
  2. Roger Smith, GeographX (2005). The Geographic Atlas of New Zealand. Robbie Burton. s. kart 31. ISBN 1-877333-20-4. 
  3. «Final counts – census night and census usually resident populations, and occupied dwellings - Kaipara District».  Parameteren |publisher= er ikkje støtta av malen. Meinte du |utgjevar=?) (hjelp)
  4. Brian Byrne (2002). The Unknown Kaipara. Auckland. s. pp 25-26. ISBN 0-473-08831-2. 
  5. Russel Stone (2001). From Tamaki-Makau-Rau to Auckland. Auckland: Auckland University Press. s. 100, 101. ISBN 1-86940-259-6. 
  6. Wayne Ryburn (1999). Tall Spars, Steamers & Gum. Auckland: Kaipara Publications. s. p 23. ISBN 0-473-06176-7. 
  7. Ryburn, p 65
  8. Ryburn, pp 75, 79, 80-81, 176
  9. Ryburn, pp 16, 91
  10. Ryburn, p 162
  11. Ryburn, p 184-185
  12. Ryburn, p 168

BakgrunnsstoffEndra

Koordinatar: 36°9′40″S 174°26′37″E