Kaja Kallas (fødd 18. juni 1977 i Tallinn i Estland) er ein estisk advokat, økonom og politikar som frå 26. januar 2021 er statsminister i Estland.[1] Ho har sidan 2018 vore leiar i Det estiske reformpartiet.

Kaja Kallas

Fødd18. juni 1977 (47 år)
Tallinn
Statsborgar avEstland
PartiEesti Reformierakond (13. januar 2011)
Yrkepolitikar, advokat, handelsskulekandidat
InstitusjonarTGS Baltic
Vanemuine Theatre
TGS Baltic
Viru-Nigula wind farm
Borenius
Estonian Business School
Riigikogu
Europaparlamentet
Utdanna vedTallinn Lilleküla Gymnasium
Tallinn English College
Universitetet i Tartu
Estonian Business School
Lawrence University
MorKristi Kallas
FarSiim Kallas
EktefelleArvo Hallik, Taavi Veskimägi, Roomet Leiger
Alle verv
  • Medlem av Europaparlamentet (2014–2018)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2011–2011)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2012–2014)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2019–2021)
  • Statsministrar i Estland (2021–2024)
  • Unionens høye representant for utenriks- og sikkerhetspolitikk (2024–) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

endre

Kallas er dotter av den tidlegare statsministeren og nasjonalbanksjefen Siim Kallas og lækjaren Kristi Kallas.

Kallas er utdanna jurist frå Universitetet i Tartu frå 1999. Ho har spesialisert seg på konkurranselovgjeving. Ho har vore advokat og partnar i advokatfirmaa Borenius og Tark & Co., i tillegg til rettleiar ved ein privat handelshøgskule i Tallinn. I 2010 vart ho også MBA-kandidat frå handelshøgskulen.[2]

Kallas er ein klassisk liberalar. Ho vart vald inn i parlamentet, Riigikogu, for Reformpartiet i 2011. I 2014 vart ho vald inn i Europaparlamentet, der ho sat i parlamentet sin komité for industri, forsking og energi. Ho gjorde seg særleg merka for engasjementet sitt for digitalisering. I 2018 gav ho ut ei bok om livet og virket sitt i Brussel i desse åra. I 2018 vart ho vald til leiar i Reformpartiet og forlet Europaparlamentet.[2][3][4] 14. januar 2021 var Kallas beden om å danne ny regjering i Estland etter at statsminister Jüri Ratas trekte seg på grunn av skuldingar om korrupsjon.[5]

Kallas gifta seg i 2018 med forretningsmannen Arvo Hallik.[6] Ho var tidlegare gift med statstenestemannen, parlamentsmedlemmen og finansministeren Taavi Veskimägi.[7]

Kjelder

endre
  1. ERR, ERR, ERR News | (26. januar 2021). «Gallery: Jüri Ratas hands over prime ministerial post to Kaja Kallas». ERR (på engelsk). Henta 25. februar 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Kaja Kallas’ profil». LinkedIn. Henta 5. mars 2019. 
  3. «8. Wahlperiode | Kaja KALLAS | Abgeordnete | Europäisches Parlament». www.europarl.europa.eu (på tysk). Henta 4. mars 2019. 
  4. «Biography | Kaja Kallase Blogi». archive.is. 16. juni 2016. Arkivert frå originalen 16. juni 2016. Henta 4. mars 2019. 
  5. «Estland får truleg sin første kvinnelege statsminister». Fjordabladet. 14. januar 2021. 
  6. «Galerii: Kaja Kallas abiellus» (på estisk). ERR. 15. september 2018. Henta 5. mars 2019. 
  7. «Así es Kaja Kallas, la primera mujer al frente del Gobierno de Estonia: la abogada que toca la batería, hace puzzles con su hijo y juega al golf». Vanity Fair (på spansk). 25. januar 2021. Henta 26. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kaja Kallas