For frukta kaki, sjå Kakiplomme

Kaki er eit sterkt, vove bomullsstoff med lys gråbrungul farge. Stoffet er ofte impregnert, og har vore brukt som militær- og politiuniform i mange land, særleg i varmare strok. Kaki er også knytt til safariutstyr.

Filippinske marinesoldatar i khakiuniformer på 1980-talet.
Foto: MPR Laurilla
Fargen på khakistoffet minna om støvet eller jorda ein fann nokre stader i India. Her er eit khaki-farga jordhus i Punjab i Pakistan.
Foto: Khalid Mahmood

Ordet er kome til norsk gjennom engelsk, frå hindi khaki, 'støvfarga', som igjen er avleidde frå persisk khak, 'støv'. På engelsk blir ordet khaki brukt både om bomulsstoffet og om fargar som kan minna om det.

Kjelder endre