Den kalde krigen

(Omdirigert frå Kald krig)

Den kalde krigen var den konstante motsetninga, rustingskappløpet og politiske spenninga mellom dei to supermaktene USA og Sovjetunionen frå ca 1947 til slutten av 1980-åra, da Mikhail Gorbatsjov som sovjetisk leiar sørgde for å avblåse «krigen». I periodar av såkalla «avspenning» før den tid, heldt opprustinga i røynda fram, på begge sider.

Europa blei delt i to politiske leirar som vende seg mot USA eller Sovjetunionen under den kalde krigen.

Uttrykket «kald krig» går på at motsetninga til tider var sterk som i ein krig, men «kald» på den måten at det faktisk ikkje blei storkrig, mellom anna truleg fordi dei to partane sine atomvåpenarsenal heldt kvarandre i sjakk – den såkalla terrorbalansen. Den kalde krigen ramma likevel mange, både ved innskrenking av politisk fridom, reiserestriksjonar og stadig angst for utsletting gjennom atomkrig.

Den fyrste perioden endre

Den farlegaste perioden av den kalde krigen var truleg 1950-talet, då var bombefly den einaste måten å «levera» kjernefysiske våpen på. Om det kom til krig mellom dei to supermaktene ville den som fyrst klarte å utsletta flyplassane til motparten ha ein føremon. Etter som mange av desse låg i nærleiken av storbyar ville det medføra at store folkesenter ville verta utsletta. Avklassifiserte domkument frå National Archives and Records Administration i USA syner at USA hadde planer om å utsletta så mange sovjetiske storbyar som mogleg,[1] i ei tidleg fase av ein eventuell krig. Men europeiske og kinesiske byar var òg på lista over byar som skulle utslettast. Denne strategien bygde på at USA på denne tida hadde om lag ti gongar så mange kjernefysiske våpen som Sovietunionen,[1] og plana var å utsletta dei sovjetiske flya og flyplassane før dei kunne gå til mottiltak. Etter som Sovietunionen tok att USA, og begge supermaktene etter kvart vart i stand til å nytta interkontinentale rakettar og ubåtar for å «levera» kjernevåpen, vart føremonane med å slå til fyrst mindre attraktive. Dei mange måtane å nå fram med kjernefysiske våpen gjorde at sjansane for å unngå å sjølv verta utsletta vart mindre, noko som førte til at faren for ein kjernefysisk krig vart mindre. Kjernevåpna vart så kraftige og så mange, og så lette å nå fram med, at dei rett og slett vart for farlege å nytta.

Relaterte lokale krigar endre

I motsetning til i Europa, blei den kalde krigen «varm» i andre delar av verda. I denne samanhengen kan nemnast som døme krigane i Korea, Vietnam og mange lokale krigar, spesialt borgarkrigar, i Afrika, som blei tolka inn i ei kald-krigs-ramme, sjølv om dei også hadde andre årsaker.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 S. Shane, 1950s U.S. Nuclear Target List Offers Chilling Insight, The New York Times, 22. des. 2015.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Den kalde krigen
  Denne historieartikkelen som har med USA og Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.