Kalvinisme

Kalvinisme er ei retning innan protestantisk kristendom. Han har namn etter den fransk-sveitsiske reformatoren Jean Calvin (1509–1564), som la grunnlaget for trusretninga. Han er òg kjend som den reformerte tradisjonen. Blant dei mest kjente elementa i læra er predestinasjon og ukondisjonell utveljing.

Jean Calvin

Tradisjonen blei først fremja av personar som Martin Bucer, Heinrich Bullinger og Peter Martyr Vermiglo. Han påverka òg engelske reformatorar som Thomas Cranmer og John Jewel, i tillegg til den skotske reformatoren John Knox.

BakgrunnEndra

Den internasjonale innverknaden til Jean Calvin byrja med utviklinga av doktrinane til den protestantiske reformasjonen då han var 25 år gammal. Han byrja å skriva Christianae Religionis Institutio i 1534, året etter at han hadde brote med Den katolske kyrkja. Verket blei gjeve ut i 1536, og blei revidert fleire gonger i løpet av livet til Calvin. Det kom òg ut i fransk omsetjing. Gjennom dette og andre polemiske og pastorale verk, konfesjonsdokumenta hans og bibelkommentarer hadde Calvin ein sterk innverknad på utviklinga av protestantismen.

Den aukande tydinga til dei reformerte kyrkjene fann stad i andre fasen av reformasjonen, då dei evangeliske kyrkjene byrja å etablera seg etter ekskommunikasjonen av Martin Luther. Calvin levde då i eksil i Genève. Han signerte Confessio Augustana i 1540, men den sveitsiske reformasjonen følgde læra til Zwingli meir enn den til Luther. Det blei snart klart at dei reformerte kyrkjene tok ei anna retning enn dei lutherske, og Calvin var den fremste av fleire teologar som leidde denne utviklinga.

Spreiinga av kalvinismeEndra

Tyngdepunktet til Calvin var i Genève, men verka hans blei spreidde vidt i Europa. Fleire stader blei kalvinismen den dominerande trusretninga, særleg i Skottland, Nederland og delar av Tyskland. Han stod òg sterkt i Frankrike, Ungarn (særleg Transilvania) og Polen. Det skotskinspirerte Brøðrasamkoman på Færøyane har òg kalvinistiske trekk.

Dei fleste nybyggarane i New England var kalvinistar, inkludert puritanarane og nederlandske emigrantar. Nederlandske kalvinistar var òg blant dei fyrste europearane som busette seg i Sør-Afrika, der retninga framleis er sterk blant boarane.

Nokre av dei største kalvinistiske kyrkjene blei grunnlagde av misjonærar på 1800- og i 1900-talet. Dei i Korea og Nigeria utmerker seg særskild med storleiken sin.

Grunnleggande skildringEndra

Kalvinismen har fleire ulike retningar som har ein del innbyrdes forskjellar. Ein kan ikkje finna alle sider ved kalvinistisk tru i verka til Calvin; mykje kjem frå andre teologar. Blant dei mest innverknadsrike i tillegg til dei som er nemnde ovanfor finn ein Calvin sin følgjesvein Theodore Beza, den nederlandske teologen Franciscus Gomarus og grunnleggaren av Den presbyterianske kyrkja John Knox. Ein finn òg seinare innverknad, frå den engelske baptisten John Bunyan, den amerikanske predikanten Jonathan Edwards og den neo-ortodokse teologen Karl Barth.

Eit sentralt element i kalvinismen, som skil den frå andre retningar, er den unike soteriologien hans, det vil seia lære om frelse. Han framhevar at mennesket er ute av stand til å gjera noko som helst for å oppnå frelse, og at Gud åleine er initiativtakar på kvart stadium av mennesket si frelse, inkludert å tru og omvenda seg. Denne doktrinen blei definitivt formulert ved synoden i Dort (1618–1619), men kalvinistar vil naturlegvis seia at denne læra har eksistert sidan Bibelen blei skipa. Synoden i Dort avviste samtidig den alternative, og på mange måtar motsette, oppfatninga kjend som arminianisme. Kalvinismen står altså for eit monergistisk frelsessyn, som er det motsette av det synergistiske frelsessynet. Monergismen forkynnar at Gud åleine frelser og bevarer eit menneske, og at ingen menneske kan innvieka på si eiga frelse. Grunnen til at menneske omvender seg og trur, er at Faderen drar dei (Joh 6:65).

Kalvinismen er nokre gonger blitt kalla augustinianisme, fordi sentrale poeng i soteriologien blei formulert av Augustin av Hippo i disputten hans med Pelagius. I motsetning til den frie viljen som det blei argumentert for av Charles Finney og andre dissenterar (som ofte blei kalla pelagianarar eller semi-pelagianarar) la kalvinismen sterk vekt på den vedvarande godheita i skapinga kombinert med det absolutte fallet til mennesket og øydelegginga av sivilisasjon gjennom synd. Han ser derfor frelsa som ei ny skapingshandling utført av Gud framfor noko som enkelte som blir frelst oppnår.

Element i kalvinistisk teologiEndra

 
Preikestol i den kalvinistiske kyrkja i Nitra i Slovakia.

Guds suverenitetEndra

Læra til kalvinismen kan seiast å summerast opp i Calvin si sentrale tru på den absolutte suvereniteten til Gud.[1] Gud etablerer seg sjølv som den einaste altvitande, altsjåande og den allmektige. Allmakta hans er ikkje passiv, men aktiv og verksam i alle forhold. Allereie før han skapte verda låg det klar ein plan for kvar minste detalj gjennom heile historia.[2] Om berre eit atom var utanfor kontrollen til Gud kunne det fått katastrofale følgje for planen hans, og kan derfor ikkje tillatast.[3]

Suveren nådeEndra

Kalvinismen legg vekt på den fullstendige øydelegginga av den etiske naturen til mennesket, sett opp mot Guds suverene nåde i frelsa. Han lærer at mennesket er fullstendig ute av stand til å følgja Gud eller sleppa unna fordømminga hans, og at den einaste vegen til frelsa ligg i at Gud overstyrer dei uvillige hjarta deira slik at dei blir vende om frå opprør til villig lydnad.

Etter dette synet er alle menneske fullt ut prisgitt Guds nåde. Han kunne på rettferdig måte fordømma alle menneske for syndene deira, men har vald å visa nåde mot nokon for å bringa ære for sitt namn. Eit menneske blir frelst medan eit anna går tapt, og dette skjer ikkje på grunn av vilje, tru eller dyd, men fordi Gud har fatta ei suveren avgjerd om å visa nåde. Personen må handla for å tru og bli frelst, men denne lydnaden i trua er ifølgje kalvinismen Guds gåve, og ikkje eit val tatt gjennom fri vilje.

Kalvinistar meiner dette demonstrerer rekkevidda av Guds kjærleik når han frelser dei som ikkje kan eller vil følgja han. Ein meiner òg at det å minnast om denne læra fjernar stolthet og selvgodhet. Helliggjøring blir søkt av kalvinistar gjennom ein kontinuerleg tillit til Gud, som reinsar den troendes hjarte.

Det kalvinistiske levesett er eit resultat av eit fundamentalt religiøst medvit som er sentrert kring den suverene nåden til Gud. Kalvinismen føreset at Guds godskap og makt har eit fritt og uavgrensa handlefelt, og dette leier til ei overtyding om at Gud verkar i alle sidene til livet, både det sekulære og det sakrale, det offentlege og det private, og det åndelege og det fysiske.

Som ei følgje av dette synet meiner ein at Guds plan er til stades og utviklar seg i kvar hending. Dette fører til eit absolutt avhengnadsforhold til Gud, som ikkje berre blir forbunde med fromme handlingar som bøn, men også med alle andre ting i livet.

Ut frå det andre bodet i Moselova er det ikkje tillate med bilde i kalvinistiske kyrkjer. Skriftstader er dei einaste tillatne dekorasjonane.

KjelderEndra

  1. Shelley, Bruce L (1995) Church history in plain language. Thomas Nelson Publishers, s. 261
  2. Se Calvins lærebok i den kristne religion (Institutio Christianae religionis) bok 1, kapittel 16. Boken finnes i engelsk oversettelse på CCEL.org. http://www.ccel.org/ccel/calvin/institutes.iii.xvii.html
  3. Sproul, R.C (1997) What is reformed theology, s. 172