Kamennogorsk
by i Russland
Kamennogorsk (russisk Каменного́рск, finsk Antrea), er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 6000 innbyggjarar. Han ligg på Det karelske neset, på elva venstre breidda av elva Vuoksa, rundt 170 km nordvest for Sankt Petersburg.
Kamennogorsk Каменногорск | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Leningrad oblast | |
Bystatus | 1940 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
6 023 | |
Koordinatar | 60°57′N 29°08′E / 60.950°N 29.133°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 188950 | |
Retningsnummer (tlf) | +7 81378 |
Han er den eldste busetnaden i Leningrad oblast.
Frå 1300–1600-talet var Antrea eit viktig administrativt senter for karelske busetnader ved øvre Vuoksa. Namnet kjem frå den lutherske St. Andreas-kyrkja og samfunnet som vart grunnlagd på 1600-talet. Byen vart i 1948 omdøypt først til Granitnij, så til Pervomajsk (russisk: Первомайск – 1. mai) og til slutt Kamennogorsk.
Kjelder endre
- Delar av denne artikkelen bygger på «Kamennogorsk» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.