Kamfer

kjemisk sambinding

Kamfer (frå mellomalderlatin camphora av arabisk kafur) er eit kvitt, transparent, voksaktig, krystallint, fast stoff med karakteristisk lukt og ein bitter, kjølande smak. Det er eit terpenoid med kjemisk formel C10H16O. Kamfer blir ofte nytta i ulike typar av eterisk olje og finst blant anna i tigerbalsam og i små mengder i kamferdrops. Ein kan vinna ut kamfer frå ei olje som finst i treet japankamfer (Cinnamomum camphora) eller framstilla det syntetisk, særleg med utgangspunkt i pinen.

Molekylmodell av kamfer.

BrukEndra

Kamfer har vore ein del brukt som lækjemiddel, men har i dag lita tyding i medisinen. Kamfer er eit godt mjukingsmiddel for cellulosenitrat og har hatt stor nytte i celluloidproduksjon. Det blir brukt i produksjon av lakk og ferniss, til framstilling av eksplosivar og fyrverkeri, til møllmiddel, og balsameringsvæske og til konserveringsmiddel i medikament og kosmetikk.

Det blir tilsett nitrocellulose for framstilling av celluloid, eit stoff som sidan 1950-åra langt på veg har gått ut av produksjon fordi det var ekstremt brannfarleg.

ReaksjonarEndra

Typiske kamferreaksjonar:

 
 
  • omdanning til isonitrokamfer
 

Kamfer kan òg reduserast til isoborneol med natriumborhydrid.

BiosynteseEndra

I biosyntese blir kamfer framstilt frå geranyl pyrofosfat, via syklisering av linaloyl pyrofosfat til bornyl pyrofosfat, etterfølgd av hydrolyse til borneol og oksidering til kamfer.

KjelderEndra


BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Kamfer