Ein kanon (uttalast kánon) er eit musikkstykke der to eller fleire stemmer etter kvarandre spelar eller syng same tema. Den første stemma startar og den neste stemma repeterer som regel same melodi som første stemma, men startar litt etter den første stemma. Følgjestemma kan òg starte på ein annan tone. Det vert kalla kanon i sekund, kanon i ters osv.

Kanon per augmentationem er når dei opphavlege noteverdiane i temaet vert dobla. Kanon per diminutionem er når noteverdiane vert halvert. Ein speilkanon er ein kanon der stigande intervall vert snudd til fallande intervall. I ein krepskanon vert temaet snudd om, slik at følgjestemmene startar på den siste tonen og endar på den første tonen i temaet.

Kjelder endre