Kantate, av italiensk cantata, 'songstykke', er eit profant eller religiøst vokalverk akkompagnert av musikkinstrument.[1] Ein kantate har som regel fleire satsar,[1] og er vanlegvis skriven for kor, solistar og orkester.

Cantate Domino av Dieterich Buxtehude, framført i Christ Church i Bangkok i 2005.
Notar til J.S. Bach sin «Kaffikantate», «Schweigt stille, plaudert nicht».

Kantaten vart utvikla i Italia1600-talet, og vidareutvikla i Tyskland og Frankrike på 1700-talet.

Innan kyrkjemusikken utvikla kantaten seg først og fremst innan den protestantiske delen av Tyskland.

Særleg kjende er Johann Sebastian Bach sine kyrkjekantatar. Bach skreiv kantatar for alle søn- og heilagdagar i kyrkjeåret, i alt over 200.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Hagerup Bull, Sverre (1951). Musikkens verden. Forlaget Musikkens Verden AS. 
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.