Kantonen Jura

kantonen i Sveits
Jura
Tysk: Jura
Fransk: Jura
Italiensk: Giura
Retroromansk: Giura

Våpenet til Jura

Kart som viser kor i Sveits Jura ligg.

Hovudstad Delémont
Språk fransk
Folketal 70 197 (2011)
Areal 838 km²
Folketettleik 84/km²
Forkorting JU
Kanton sidan 1979
Høgaste topp 1302 m (Mont Raimeux)

Republikken og kantonen Jura (fr. République et Canton du Jura) er den nyaste av kantonane i Sveits og ligg i den nordvestlege delen av landet. Hovudstaden i kantonen er Delémont.

Distrikt og kommunar endre

Jura omfattar tre distrikt, som er delt opp i til saman 83 kommunar. Dei tre distrikta er Delémont, Porrentruy og Franches-Montagnes.

Samfunn og soge endre

Fransk språk er kantonsspråk. Den einaste kommunen som er tyskspråkleg er Ederswiler i nordaust.

Dei fleste innbyggarane i Jura soknar til den romersk-katolske kyrkja.

Jura vart skilt ut frå kantonen Bern i 1979 etter lang tids strid. Bern er hovudsakleg tyskspråkleg og protestantisk, medan Jura er franskspråkleg og katolsk.

Sjå òg endre