Ein kaperbåt er ein privat, væpna båt som driv sjørøveri med tillating frå si eiga regjering eller på oppdrag frå si eiga regjering. Kaperbåtane var av veldig varierande storleik, frå 2 ½ til 50 lester. Bestykninga kunne variere fra ei til ti kanoner.

I Noreg spelte kapertrafikken ei stor rolle under krigen mot England frå 1807 til 1814, spesielt på Sørlandskysten. Ca. 70 kaperbåtar vart utrusta i Kristiansand. 450 skip vart kapra og tekne inn til Noreg i krigsåra, 300 av dei vart førte til Kristiansand.