Kaperfart er sjørøveri med godkjenning frå styresmakter, drive av private som eit verkemiddel i krigføring til sjøs.[1] Målet for kaperfarten var å ta kontroll over fienden sine handelsskip og føre dei og lasta deira til eiga hamn som prise.

Måleri av den tyske briggen «Bremen» og det franske kaperskipet «Democrat» i 1797.

Kapervesenet utvikla seg i seinmellomalderen. Den første kommisjonen eller lisensen til å driva kaperverksemd blei gjeven av krona i England i 1243. Praksisen spreidde seg etterkvart i Europa, og kunne spela ei viktig rolle i krigar.[1]

Ein kaper (brukt om både båten og kapteinen om bord) fekk utskrive kaperbrev som legitimerte verksemda og gav dei som dreiv den eit viss rettsleg vern. Dei unngjekk å bli straffa som sjørøvarar (dødsstraff) dersom dei vart tekne til fange av fienden. Det finst derfor mange historier om norske mannskap som hamna i «prisonen» i England etter mislykka kaperforsøk.

Kaperbåtane var av veldig varierande storleik, frå 2 1⁄2 til 50 lester. Bestykninga kunne variere frå éi til ti kanoner.

I Noreg spelte kaperfarten ein stor rolle under krigen mot England frå 1807 til 1814, spesielt på Sørlandskysten. Ca. 70 kaperbåtar vart utrusta berre i Kristiansand. Ein meiner at omkring 450 skip vart kapra og tekne inn til Noreg i krigsåra, 300 av dei vart førte til Kristiansand.

Kaperbrev og -fart vart forbodne i fylgje Pariskonvensjonen av 1856.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Ola Teige, «Kaperfarten i Norge under den store nordiske krig - Norgeshistorie», www.norgeshistorie.no (på norsk), henta 7. oktober 2020 

Bakgrunnsstoff endre