Karabinar
Karabinar eller karabinkrok er ein metallring av stål eller aluminium utstyrt med fjørbelasta opningsarm. Ein skrukarabinar har ei skrumuffe for låsing av opningen.
Namnet kjem frå det tyske Karabinerhaken, som tyder «krok for ein karabin» og kjem av at kavaleristar nytta slike ringar til å feste karabinen til bandolæret eller liknande etter at skotet var fyra av slik at dei kunne halde fram med pistol eller blankvåpen.
I dag blir karabinarar ofte nytta i samband med taubruk, til dømes innan klatring, segling, fallskjermhopping eller til sikringsarbeid innan industri- og anleggsverksemd.