Koordinatar: 24°51′36.00″N 67°00′36.01″E

Karachi er den største byen og den opphavlege hovudstaden i Pakistan. Han er også det økonomiske senteret, viktigaste hamnebyen og eit transportknutepunkt i landet. Byen er i dag provinshovudstad for Sind. Karachi ligg ved Arabiahavet, like nordvest for Indusdeltaet.

Karachi
sindhi ڪراچي
urdu کراچی
by
Land  Pakistan
Provins Sind
Areal 3 527 km²
Folketal 14 910 352  (2017)
Retningsnummer 021
Kart
Karachi
24°52′ N 67°1′ E
Wikimedia Commons: Karachi

Sidan grunnlegginga av Pakistan i 1947 har byen vakse kraftig, særleg sidan rundt 2000. Tettstadområdet Karachi er det niande folkerikaste i verda.[1] Ved folketeljinga i 2017 hadde byen 14 910 352 innbyggjarar.[2][3]

Suddar Bazaar under den britiske kolonitida.
Folketalsutvikling i Karachi.

Soge endre

Karachi var opphavleg eit fiskarsamfunn. Han blei utvikla som handelshamn frå 1700-talet, då dei nærliggande elvehamnene Karak Bunder, Shah Bunder og Kiti Bunder blei tilmudra.[4]

Den moderne hamnebyen blei utvikla av britiske kolonistyresmakter på 1800-talet. Han kom under deira styre i 1839 og blei gjort til hovudstad i Sind etter at dei erobra området i 1843. Utbygginga av hamna og bygging av jernbane herfrå og innover i landet førte til vekst.

Då Pakistan blei danna i 1947 blei Karachi vald til hovudstad, og fekk ei stor mengd tilflyttarar frå India av indiske muslimar, kjend som mohadjirar. Frå 1947 auka 1951 folketalet i byen med 161 prosent.[4] Folkeveksten fortsette også etter at hovudstaden blei flytta til Rawalpindi og seinare Islamabad i 1959. I tillegg til den fortsette innvandringa frå India kom også tilflyttarar frå den pakistnanske landsbygda.[4]

Dominansen frå dei innflytta mohadjirane i byen førte til konfliktar med den opphavlege befolkninga av sindhiar. Eit kvotesystem frå 1974 reduserte talet på mohadjirar i offentleg sektor frå 33 til 20 prosent. I 1983 blei partiet Mohajir Quami Movement (MQM) danna ut frå ei studentrørsle mot diskriminering. MQM vann lokalvalet i byen i 1992, men blei avsett av den pakistanske regjeringa i 1993. Konflikten hadde forårsaka spreidd vald sidan 1980-talet; på midten av 1990-talet blei samanstøyta valdsamare og fleire tusen blei drepne.

Økonomi og transport endre

Karachi er endepunkt for det pakistanske jernbanenett og har ei stor internasjonal lufthamn. Den pakistanske marineflåten har også hamn her.

Byen er handelssentrum i landet og har også mykje eigen industri, som omfattar næringsmiddel-, tekstil-, sigarett-, sement-, elektro-, kjemisk og petrokjemisk industri.

Kultur og utdanning endre

 
Mazar-e-Quaid, mausoleum for nasjonsgrunnleggjaren Jinnah.

Byggeskikken i Karachi er prega av britisk koloniarkitektur, som kjøpesenteret Empress Market, Saint Patrick's Cathedral og Cantonment Railway Station. Lokale interesser har reist bygningar i retro- og moderne muslimsk stil, som Mohatta Palace (1927), Tooba-moskeen (1969) og mausoleet Mazar-e-Quaid (1970). 2000-talet har sett fleire skyskraparprosjekt.

Karachi huser Nasjonalmuseet i Pakistan frå 1950, som har store arkeologiske og etnografiske samlingar. Universitetet i Karachi blei grunnlagd i 1951. Det medisinske fakultetet ved Aga Khan-universitetet ligg her.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Karachi
  Denne geografiartikkelen som har med Pakistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.