Karasu ved Eufrat

Karasu (tyrkisk for 'svart vatn') eller Vest-Eufrat er ei lang elv aust i Tyrkia, ei av to kjeldeelvar til Eufrat. Ho er kring 450 km lang. I antikken vart elva kalla Telebóas (Τηλεβόας) av grekarane.

Karasu
elv
Land  Tyrkia
Kart
Karasu ved Eufrat
40°12′59″N 41°29′29″E / 40.216472222222°N 41.491305555556°E / 40.216472222222; 41.491305555556
Wikimedia Commons: Karasu River (Euphrates)

Elva spring ut i Dumlu Dağ i provinsen Erzurum,[1] og drenerer slettene kring byen Erzurum. Ho møter Serçeme og renn så vestovr gjennom provinsen Erzincan, snur sørover, så vestover og mottar Tuzla Su. Mellom Erzincan og Kemah mottar ho Gönye-elva og renn gjennom ei kløft.[1] Nær byen Kemaliye mottar ho den siste sideelva si, Çaltısuyu, før ho svingar brått søraustover og renn gjennom ei djup kløft[1] i Kebansjøen ved Eufrat. Før bygginga av Kebandemninga mottok Karasu Murat Su 10 km ovanom demninga og 13 km ovanom byen Keban.[2]

Det ligg eit gammalt hittitisk relieff ved Karasu. Det heilage relieffet vart laga i skrentane nær landsbyen Sűpűrgűc, like før elva renn saman med Murat Su. Relieffet syner ein mann som held ein kronhjort føre ein soldisk. Geviret til hjorten har 16 taggar, og er noko ein ikkje ser nokon annan stad i hittitisk kunst.[3][4]

Historie

endre

I 1996 mista 15 tyrkiske soldatar livet då mannskapsvogna deira fall i elva under ei rutinekryssing.[5] Då temperaturane i Tyrkia fall under -25 °C i 2005 vart elva isdekt og vart nytta som fotballbane av dei lokale innbyggjarane.[2]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Encyclopaedia Britannica (1911) vol 9, page 894
  2. 2,0 2,1 «SOCCER ON FROZEN-elva». Turkish Daily News. 31. desember 2004. 
  3. Hellenkemper; Jörg Wagner (1977). «The God on the Stag: A Late Hittite Rock-Relief on the-elva Karasu». Anatolian Studies (British Institute at Ankara) 27: 167–173. JSTOR 3642661. 
  4. Monuments of the Hittites website
  5. «Turkish personnel carrier falls into-elva». Xinhua News Agency. 22. april 1996.