Karatsjajevsk
Karatsjajevsk (russisk Карача́евск) er ein by i Republikken Karatsjajevo-Tsjerkessia i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kuban, rundt 60 km sør for Tsjerkessk.
Karatsjajevsk Карачаевск | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Karatsjajevo-Tsjerkessia | |
Grunnlagd Bystatus |
1926 1929 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
19 983 | |
Koordinatar | 43°46′N 41°54′E / 43.767°N 41.900°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | 87879 |
Karatsjajevsk vart grunnlagd i 1929 som Georgijevskoje, men namnet vart raskt endra til Mikojan-Sjahar, etter Anastas Mikojan. Frå 5. oktober 1944 til 1. januar 1957, medan karatsjaiane var i eksil i Sentral-Asia, var byen ein del av Den georgiske SSR med namnet Klukhori.
Området rundt byen er rikt på fortidsminne frå mellomalderen, som ruinane av Khumar og Sjoana-kyrkja frå 900-talet.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Karatsjajevsk» frå Wikipedia på bokmål, den 30. januar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.