Periferieininga Kardítsa

(Omdirigert frå Kardítsa prefektur)
Periferieininga Kardítsa
Περιφερειακή ενότητα Καρδίτσας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Thessalía
Hovudstad Kardítsa
Folketal 106 305 (2021[1])
Areal 2 636 km²
Folketettleik 40/km²
Kommunar 6
Postnummer 43x xx
Retningsnummer 244x0
Bilnummer KA
Heimeside www.karditsa.gr

Periferieininga Kardítsa (gresk Περιφερειακή ενότητα Καρδίτσας, Periferiakí enótita Kardítsas) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía.[2] Hovudstaden i periferieininga er Kardítsa. Periferieininga er stort sett basert på jordbruk og har ingen provinsar. Kardítsa ligg om lag 300 km frå Aten. Den vestlege halvdelen av periferieininga er dominert av Píndosfjella.

Periferieininga grensar til Tríkala i nord, Lárisa i aust, Fthiótida i søraust, Etoloakarnanía og Evrytanía i sørvest og Árta i vest. Dei største elvane er Mégdovas i sør og Piniós i nord.

Historie

endre

Det som i dag er periferieininga Kardítsa var i antikken ein del av Kongedømet Makedonia og seinare Romarriket, Austromarriket, Stor-Vlakhia og frå 1400-talet til 1881 ein del av Det osmanske riket. Etter 1881 har det høyrt til Hellas, først som ein del av det større prefekturet Tríkala-Kardítsa fram til 1947.

Administrativ inndeling

endre

Tidlegare var Kardítsa eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i seks kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Kardítsa Arjithéa Arjithéa 430 65 24450-31
Akhelóos 430 66 24450-31
Aust-Arjithéa 430 69 24450-31
Mouzáki Mouzáki 430 60 24450-4
Ithómi 430 64 24410-39
Pámisos 430 61 24410-8
Límni Plastíra Plastíras 430 67 24410-95
Nevrópoli Agráfon 430 60 24410-92
Kardítsa Kardítsa 431 00 24410-2 til 7
Ítamos 431 00 24410-81
Kallifóni 431 00 24410-88
Kámbos 431 00 24410
Mitrópoli 431 00 24410-55
Palamás Palamás 432 00 24440-2
Séllana 430 70 24410-5
Fýllo 430 62 24440-31
Sofádes Sofádes 433 00 24430-2
Árni 433 00 24430-41
Tamásio 430 63 24430-31
Menelaída 433 00 24430-51
Rendína 430 68 24430-71

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Kardítsa Kardítsa 38 554 38 999
Sofádes Sofádes 5 556 5 747
Palamás Palamás 5 745 4 770
Karditsomagoúla Kardítsa 2 063 1 950
Mouzáki Mouzáki 1 961 1 838
Agnanderó Mouzáki 1 764 1 548
Proástio Palamás 1 666 1 434
Mávrika Kardítsa 565 1 273
Mataránga Sofádes 1 421 1 225
Mitrópoli Kardítsa 1 262 1 113
Artesianó Kardítsa 1 296 1 104
Mavrommátio Mouzáki 1 115 1 026
Itéa Palamás 1 199 959

Referansar

endre

Kjelde

endre