Karimesse

(Omdirigert frå Karenmesse)

Karimesse eller karenmesse (lat. festum Katherine virginis) er ein tradisjonell kristen merkedag til minne om den heilage Katarina av Alexandria. Dagen blir feira den 25. november, og er avmerkt på primstaven. Katarina har framleis namnedag denne dagen i alle dei skandinaviske landa.

Den heilage Katerina måla av Caravaggio med sverd og øydelagd hjul. Hjulet blei ofte tolka som eit spinnehjul.

Merket for dagen er som regel eit hjul, ettersom Katarina blei dømd til å radbrekkast på stegle og hjul, eit sverd, ettersom ho blei halshogd då hjulet brast, ei krone, ein mjølbinge eller ein rokk. Også hjulet blei ofte tolka som eit spinnehjul på ein rokk. Karimesse markerte byrjinga på spinnetida, og kunne òg brukast til lysstøyping eller klesvask. Om ein ikkje hadde fått kornet i hus denne dagen, måtte ein svelta i jula.

Andre namn på dagen var Kari med rokken (Seljord), Kari vaskar (Telemark) og Mass mjølbinge (Sunnmøre).

Kjelder endre