Karl-Friedrich Haas

Karl-Friedrich Haas (fødd 28. juli 1931) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar fødd i Berlin, oppvaksen i Nürnberg. Han vann sølv på 400 meter i OL 1956 og bronse i EM 1958. Elles var han med å vinne tre OL/EM-medaljar i stafett i tida 1952-58.

AktivEndra

Haas vart i 1952 fjerdemann på 400 meter under dei olympiske sommarleikane i Helsinki. To dagar seinare sprang han Tyskland inn til OL-bronse i 4 x 400 meter stafett, dei ande på laget var Günther Steines, Hans Geister og Heinz Ulzheimer. Også i europameisterskapen 1954 vart Haas nummer 4 på 400 m. På den lange stafetten var han nær ved å ta att Frankrike sin ankermann, men måtte nøye seg med EM-sølv i lag med Geister, Uhlmann og Helmut Drehen.

Under Sommar-OL 1956 i Melbourne deltok Haas både på 200 m, 400 m og i 4 x 400 m stafett. På den kortaste distansen rauk han ut i semifinalane, deretter vann han sølvmedaljen på 400-meteren, før han avslutta leikane med fjerdeplass i stafetten. I EM 1958 kneip Haas bronsemedaljen på 400 meter framfor landsmannen Carl Kaufmann, sidan var dei i lag om å vinne sølv for Vest-Tyskland i 4 x 400 m stafett.

Haas var vesttysk meister 1952-56 på 400 meter og 1952 på 200 meter. Hans personleg rekordar på dei to distansane er 21,0 og 46,29 sekund, begge oppnådd i 1956. 400-meterrekorden sette han i OL-semifinalen i Melbourne.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

  • OL 1952 i Helsinki: Nr 4 på 400 m – 47,22. Bronse i 4 x 400 m stafett (3.06,6)
  • EM 1954 i Bern: Sølv i 4 x 400 (3.08,8). Nr 4 på 400 m – 47,6
  • OL 1956 i Melbourne: Sølv på 400 m – 47,12. Nr 4 i x 400 m stafett
  • EM 1958 i Stockholm: Bronse på 400 m – 47,0. Sølv i 4 x 400 m (3.08,2)

KjelderEndra