Karl-Heinz Schnellinger

tysk fotballspelar

Karl-Heinz Schnellinger (fødd 31. mars 1939) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Düren. Han vann VM-sølv 1966 og VM-bronse 1970 med Vest-Tyskland sitt landslag. Schnellinger var forsvarsspelar og ein av dei fyrste tyske spelarane som reiste utanlands.

Karl-Heinz Schnellinger

Klubbspel endre

Schnellinger var FC Köln-spelar frå 1958 til -63. Etter han i 1962 vart kåra til årets spelar i Vest-Tyskland reiste han til Italia og spelte ein sesong på AC Mantova. I 1964 gjekk han over til AS Roma, allereie året etter skreiv han kontrakt med AC Milan. Med storlaget frå Milano vart Schnellinger i perioden 1965-74 både cupmeister, seriemeister og vinnar av cupvinnarcupen 1968, så vel som europacupen 1969. Han avslutta med å spele ein sesong for Tennis Borussia Berlin.

Landslagsspel endre

Schnellinger deltok i verdsmeisterskapane 1958, 1962, 1966 og 1970. I 1966 var han med då Vest-Tyskland tvinga vertslandet England til ekstraomgangar i finalen, England vann til sist 4–2. Under VM 1970 tapte Vest-Tyskland semifinalen mot Italia med 3–4, ein kamp det har gått gjetord om sidan. Schnellinger utlikna i det oppgjeret til 1–1 like før ordinær tid var ute, hans einaste landslagsmål. I ein heller tam bronsefinale sikra han og lagkameratane hans seg bronse med siger over Uruguay. Schnellinger deltok i 47 landskampar i åra 1958-71.

Kjelder endre