Karl Friedrich Kurz

tysk skribent

Karl Friedrich Kurz (23. september 187826. juni 1962) var ein tysk/sveitsisk/norsk forfattar.

Karl Friedrich Kurz

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 23. september 1878
Freiburg im Breisgau
Død

26. juni 1962 (83 år)
Noreg

Yrke skribent, kunstmålar, prosaforfatter
Språk tysk
Karl Friedrich Kurz på Commons

Karl Friedrich Kurz er fødd nær Freiburg, Bremgarten i Tyskland. Som barn flytta han med foreldra til Basel i Sveits. Han ønskte å bli kunstmålar og begynte på akademiet i Karlsruhe.

Det var tilfeldigheiter som gjorde han til skribent og forfattar. Etter å ha ført eit omflakkande tilvære med omfattande reiseverksemd i m.a. aust-Asia og Japan, slo han seg ned i Noreg der han skreiv romanar på tysk. Han var påverka av Knut Hamsun og henta inspirasjon frå naturen og folkelivet ved Sognefjorden og i Sunnfjord.

Romanane vart svært populære i Tyskland og vart selde i store opplag. I 1934 fekk han Schillerprisen og Volkspreis frå Schweizerische Schillerstiftung i Zürich.

Han budde først i Solund, så ved Vadheim i Høyanger kommune før han i 1924 slo seg ned i Vårdal i Dalsfjorden i Askvoll kommune i Sunnfjord. Der budde han til 1950. Då forlet han familien sin og flytta til Nessjøen (Nese) i Fjell kommune på Sotra i Hordaland. Han budde der til han døde i 1962, 84 år gamal. Kurz gav ut 10 romanar og fleire novellesamlingar. Dei etterlatne papira hans er for det meste komne bort.

Karl Friedrich Kurz ligg gravlagt på kyrkjegarden i Holmedal i Dalsfjorden, Sunnfjord.

Bibliografi endre

Bøker - eit utval endre

  • 1914 – Der Held von Björnnäs : Nordische Erzählung (München: Albert Langen)
  • 1914 – Mitternachtsonne und Nordlicht : mit 16 Vollbildern und 34 Textbildnissen nach Strichzeichnungen des Verfassers (Frauenfeld: Druck und Verlag von Huber & Co)
  • 1930 – Im Königreich Mjelvik : roman (Berlin: Georg Westermann)
  • 1931 – Herren vom Fjord : roman (Berlin: Georg Westermann)
  • 1935 – Tyra, die Märcheninsel : roman (Berlin: Georg Westermann)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre