Opna hovudmenyen

Karl Gether Bomhoff

norsk politikar

Karl Gether Bomhoff (6. august 18421925) var ein norsk farmasøyt, industrileiar, bankmann og stortingsmann frå Larvik.

Karl Gether Bomhoff
Karl Gether Bomhoff (PO-013562 01 1).jpg
Fødd6. august 1842
Larvik
Død23. september 1925
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, banksjef, kjemikar, farmasøyt

Bomhoff var son til ein kjøpmann i Larvik. Han gjekk middel- og realskulen i heimbyen og tok deretter farmasøytisk eksamen i 1863. Fram til 1868 var han farmasøyt i Drammen og Trondheim. Så var han i to år kjemikar ved ei forretning i Dresden, og studerte i Frankrike og Skottland. I 1870 starta og styrte han ein fabrikk i Trondheim som laga jod og kalisalt, den fyrste i sitt slag i Noreg. 1875-78 var han administrerande direktør for Trondhjems Mekaniske Værksted. Seinare disponerte han andre industrianlegg.

Stortinget valde i 1884 Bomhoff inn i direksjonen av Noregs Bank, han vart formann av denne i 1893. Han var direktør for Noregs Bank fram til 1920, og var såleis med då banken flytta til Kristiania i 1897, ei flytting som han i utgangspunktet var imot. Som sentralbanksjef under 1. verdskrigen møtte Bomhoff motbør for den inflatoriske politikken som Noregs Bank då førte.

Bomhoff representerte Venstre for Trondheim og Levanger krins på Stortinget 1895-96, han var medlem av næringskomite nr 1. Også for 1897-sesjonen var han vald, søkte fritak på grunn av flyttinga av Noregs Bank, ein søknad som vart imøtekomen med 76 røyster mot 33.

KjelderEndra