Karl Kautsky
Karl Kautsky (18. oktober 1854–17. oktober 1938), fødd i Praha og død i Amsterdam, var ein av dei fremste sosialistane i Europa frå slutten av 1800-talet til han døydde i 1938. Han var rekna som den fremste teoretikaren i den Andre Internasjonalen, og hadde stor innverknad på sosialistisk debatt i ein lang periode.
Karl Kautsky | |||
![]() | |||
Fødd | 16. oktober 1854 Praha | ||
---|---|---|---|
Død | 17. oktober 1938 Amsterdam | ||
Nasjonalitet | Cisleithania, Deutsches Reich, Tyskland | ||
Område | samfunnsøkonomi, historie, filosofi, politikk, marxisme | ||
Yrke | politikar, filosof, samfunnsøkonom, journalist | ||
Alma mater | Universitetet i Wien Akademisches Gymnasium Stiftsgymnasium Melk | ||
Ektefelle | Luise Kautsky | ||
Barn | Karl Kautsky, Benedikt Kautsky, Felix Kautsky, Sophie Kautsky |
Liv og virke
endreKarl Kautsky blei fødd i ein jødisk familie i Praha i 1854, men budde mesteparten av livet i Wien og Berlin og så Wien igjen. Han blei aktiv i sosialdemokratiet, og grunnla og var redaktør for det teoretiske tidskriftet Die Neue Zeit (Ny Tid), som fekk svært stor innverknad. Kautsky skreiv det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD) sitt Erfurtprogram frå 1895. Han var ein leiande kritikar av Eduard Bernstein sin "revisjonisme", og gjekk særleg hardt ut mot sosialdemokratar som såg positivt på kolonialismen. Kautsky blei i denne tida sedd på som ein ortodoks og dogmatisk marxist.
Da første verdskrigen braut ut, vakla han i førstninga fordi han som mange tyske sosialdemokratar sterkt mislikte tsar-regimet i Russland. Men frå 1915 gjekk han mot krigen, og slutta seg i 1917 til antikrigspartiet USPD (det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland). Kautsky tok sterkt avstand frå bolsjevikrevolusjonen i Russland, fordi han meinte det tilbakeliggjande landet ikkje var modent for sosialisme, og fordi diktatur som det bolsjevikiske etter hans syn aldri kunne føre noko godt med seg. Kautsky meinte demokrati var ein absolutt føresetnad for sosialisme.
Verk
endreNokre av dei viktigaste verka til Karl Kautsky er:
- Sosialismen og kolonipolitikken (1907)
- Proletariatets diktatur (1919)
- Terrorisme og kommunisme (1919)
- Marxisme og bolsjevisme - demokrati og diktatur (1934).
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
Bakgrunnsstoff
endre- Om Kautsky på marxists.org (engelsk)