Karl Ludvig Reichelt (1933-2016)

norsk lege
(Omdirigert frå Karl Ludvig Reichelt (1933))

Karl Ludvig Reichelt (28. november 193329. oktober 2016), også kjend som Kalle Reichelt, var ein norsk lege og dr.med. Han er mest kjend for forskinga si på dei opiode peptidane i gluten og kasein som han meiner viser seg ved proteinintoleranse (hyperpeptiduri). Han har òg forska på chalonar og kreft.

Karl Ludvig Reichelt
Fødd28. november 1933
Død29. oktober 2016
NasjonalitetNoreg
Yrkelege, forskar

Reichelt avla den medisinske doktorgraden, PhD, ved UiO i 1972 med avhandlinga An investigation into the nature and function of anionic acids, peptides, and acid-soluble proteins from brain tissue.

Etter teorien til Reichelt er det når dei opioide peptidane går gjennom tarmbarrieren og inn i blodbana at det er et problem om ein har mangelfull aktivitet i enkelte enzym. Dette kan medføre at ein person mellom anna får ADHD, autisme, schizofreni, asperger syndrom eller depresjon. Reichelt har forska fram ein urinpeptid-prøve som ein kan ta for å påvise om ein har proteinintoleranse. På bakgrunn av denne testen og eventuell blodprøve, kan ein så forsøksvis gå fram med å prøve ut gluten og kaseinfri diett. Det er ikkje brei semje om teorien[1].

Mykje av forskinga var gjort i samarbeid med Madlavoll skule i Stavanger og professor Ann-Mari KnivsbergLesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

Pasientforeininga Mat og Atferd (før 2018 Norsk Proteinintoleranseforening) er oppretta på bakgrunn av Reichelt si forsking.

Reichelt arbeidd frå 1978 ved Pediatrisk forskningsinstituttRikshospitalet. Til midten av 2012 var han seniorforskar og rådgjevar.

Karl Ludvig Reichelt fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 2004.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre