Karl Rygh

norsk politikar

Karl Ditlev Rygh (fødd 7. juni 1839 i Verdal, død 10. mars 1915) var ein norsk arkeolog og politikar. Han var son til Peder Rygh, samt bror til Evald og Oluf Rygh.

Karl Rygh

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juni 1839
Verdal kommune
Død

10. mars 1915 (75 år)
Trondheim

Yrke antropolog, politikar, arkeolog, filolog
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Far Peder Strand Rygh
Karl Rygh på Commons

Karl Rygh studerte fag som historie, latin og oldnorsk og seinare stadnamnforsking og forhistorisk arkeologi. Han vart cand. philol. i 1863, og var frå 1866 til 1899 lærar ved Trondheims katedralskole.

I 1866 vart Rugh medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, og i 1868 vart han vald inn i direksjonen for trondheimsavdelinga av Foreningen til norske fortidsmindesmerkers bevaring. Frå 1870 var han styrar av selskapet si oldsaksamling.

Rygh var medlem av bystyret i Trondheim frå 1878 til 1900. Han representerte valkrinsen Trondheim og Levanger i fire periodar på Stortinget, vald for partiet Høgre. Rygh var i perioden 1883-85 fyrste varamann (suppleant), møtte i 1885 frå 15. mai i staden for Fredrik Lorck. I dei neste tre tingperiodane var han fast representant på Tinget, medlem av protollkomiteen 1886-88, budsjettkomiteen 1889-1894, samt Lagtinget 1892-94.

Etter at broren Oluf døydde, stod Karl Rygh for utgjevinga av dei nordafjellske banda av Norske Gaardnavne. Han døydde ugift i Trondheim.

Karl Rygh vart i 1944 portrettert på Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs medalje.[1]

Kjelder endre

  1. Kjetil Kvist. «I vitenskapens tjeneste». gullmedalje.com. Henta 25. august 2016.