Karl II av Noreg

(Omdirigert frå Karl XIII)

Karl II (7. oktober 17485. februar 1818) i den svenske kongerekkja Karl XIII, av fyrstehuset Holstein-Gottorp, var konge av Sverige frå 1809 og konge av Noreg frå 1814 fram til sin død i 1818. Han var den første kongen over Noreg og Sverige etter at unionen trådde i kraft.[1]

Karl II
Karl XIII

Portrett av Karl II av Carl Fredric von Breda
Konge av Sverige og Noreg
Regjeringstid6. juni 18091818 (Sverige)
4. november 18141818 (Noreg)
Fødd7. oktober 1748
FødestadStockholm
Død5. februar 1818
DødsstadStockholm, Hovförsamlingen
GravstadRiddarholmskyrkan i Stockholm
FøregangarSverige Gustav IV Adolf
Noreg Kristian Fredrik
EtterfølgjarKarl III Johan
Gift medHedvig Elisabet av Sverige og Norge
KongehusFyrstehuset Holstein-Gottorp
DynastiHolsten-Gottorp
MottoFolkets väl min högsta lag
Folkets Vel min høyeste Lov
FarAdolf Fredrik
MorLouise Ulrike av Preussen
BornCarl Axel Löwenhielm, Karl Adolf, Lovisa Hedvig, Kristian August, Karl III Johan av Noreg, Gustaf Löwenhielm

Han tok over den svenske trona etter nevøen Gustav IV Adolf som var blitt arrestert i mars 1809 og avsett av Riksdagen seinare same år.[1]

Familie

endre

Karl II var son av kong Adolf Fredrik av Sverige og Lovisa Ulrika av Preussen og yngre bror av kong Gustav III, Fredrik Adolf og Sofia Albertina. Etter at Gustav var blitt konge støtta Karl statskuppet til broren i 1772 og blei lønna med tittelen hertug av Södermanland.[1]

Den 7. juli 1774 gifta han seg med kusina Hedvig Elisabeth. Ekteskapet kom i stand etter påtrykk frå broren Gustav som på denne tida ikkje hadde fått nokon born og det var naudsynt å sikre arven til trona.[1] Men i 1778 fekk Gustav sonen Gustav Adolf. Karl og Hedvig Elisabeth fekk sonen Karl Adolf, hertug av Värmland i 1798 etter meir enn 20 års ekteskap, men han levde berre nokre dagar.

Drapet på Gustav III

endre

Under den russisk-svenske krigen 1788-1790 tente Karl som admiral. Han hadde kontaktar med leiande menn innan opposisjonen, men det er framleis ikkje klårt om han kjende til eller støtta planane om å myrde broren Gustav III i 1792.[1] Etterforskinga av mordet på Gustav III blei i hovudsak avslutta då Karl sitt namn byrja å dukke opp mellom dei samansvorne.

Karl tok over som formyndar for den mindreårige tronfølgjaren Gustav IV Adolf og trakk seg attende da han blei myndig. Sonen til Gustav, Gustav IV Adolf, si regjeringstid innebar mellom anna tap av Finland og Pommern. Då brorsonen Gustav IV Adolf blei avsett og kasta ut av Sverige, fekk Karl styra i namnet.

Mangel på tronfølgjar

endre

Ettersom kongeparet ikkje hadde nokre born, avgjorde Riksdagen at dei skulle adoptere ein son for å sikre monarkiet. Dei adopterte difor den danske prinsen og førre leiaren for den norske regjeringskommisjonen, Kristian August, som døydde i 1810, 41 år gamal. Same år blei den franske feltmarskalken Jean-Baptiste Bernadotte adoptert, den seinare Karl III Johan, han var då 47 år. På grunn av den dårlege helsa til Karl tok Karl Johan over store delar av pliktane til kongen frå han kom til Sverige. Kongen var redusert og nesten senil dement etter eit slagtilfelle nokre år tidlegare.[1]

Born i ekteskapet:

Born med Augusta Fersen:

Adoptivsøner:

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Lars Roar Langslet. «Karl 2». Norsk biografisk leksikon. Henta 13. mars 2015. 
  2. Olof Jägerskiöld. «Karl XIII». Svenskt biografiskt lexikon / Riksarkivet. Henta 13. mars 2015. 
  3. Carl-Fredrik Palmstierna. «Carl A Löwenhielm». Svenskt biografiskt lexikon / Riksarkivet. Henta 13. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Karl II av Noreg