Karl den store

(Omdirigert frå Karl den Store)

Karl den store eller keisar Karl I (2. april 74828. januar 814) var konge av Frankarriket frå år 771, konge av Lombardia frå 774, og tysk-romersk keisar frå 800.

Karl den store
Charlemagne denier Mayence 812 814.jpg
Fødd2. april 748
FødestadFrankarriket
Død28. januar 814
DødsstadAachen
GravstadAachenkatedralen, Palatine Chapel
Gift medDesiderata av Lombardia, Hildegard, Fastrada, Luitgard, Himiltrude, Liutperga
DynastiKarolingarane
FarPipin den yngre
MorBertrada av Laon
BornPipin den pukkelryggete, Karl den yngre, Rotrude, Bertha, Pipin av Italia, Ludvig den fromme, Gisela, Theodrada, Drogon de Metz, Hugo, Alpais, Adelaide, Lothair, Hildegard, Chrotais, Hiltrude, Ruodhaid, Theodoric, Adaltrude

Det er uklart og ueinigheit rundt fødselsdatoen til Karl. Nokre vil meine han vart fødd 2. april 747, der fødselsdatoen då vart rekna ut frå den alderen som vart oppgjeven då han døydde. Andre vil meine fødeselsdatoen var 1. april 742. Mellom anna gifta foreldra hans seg fyrst i 744. Om Karl hadde vorte fødd utanom ekteskap ville han ha vorte rekna som ein bastard, og kunne dermed ikkje ha arva foreldra sine. Den siste gruppa meiner Karl vart fødd i 748.

Karl den store var eldste son av kong Pippin den stutte. Stamfar for kongeætta karolingarane var farfar av Pippin, Pippin av Heristal.

Han budde i Aachen og er gravlagd i katedralen der. Karlsprisen er oppkalla etter han.

Statue av Karl den store i Frankfurt.

NamnEndra

Karl den store kan verta omtala med ei heil rad av namnevariantar og titlar. Her kan nemnast tysk Karl der Große, latin Carolus Magnus, italiensk Carlomagno. Det franske namnet Charlemagne vert brukt på mange andre språk, mellom anna engelsk, og nokre gonger på norsk. På norsk kan han verta omtala som Karlamagnus, på norrønt språk Karlamagnús. Karlamagnús saga er ei prosaomsetjing av franske heltekvad om Karl den store, mellom anna Rolandskvadet. I sogene vert Karl den store framstilt som ein idealisert kristen riddar. Heilag-Olav kalla opp son sin Magnus I etter Karlamagnus. Magnus er eit latinsk adjektiv som tyder stor. Namnet Magnus er nytta av fleire norske kongar.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Karl den store